Inaktiv

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi er ser etter deg som har lyst til å bli vår nye leiar 😊 Vi har ledig ei 100% stilling som avdelingsleiar for deg ved Korttid/rehabiliteringsavdelinga på Gloppen omsorgssenter, 1 etasje.

Avdelinga er ein institusjon med 12 korttid- og rehabiliteringsplasser, 2 KAD plasser som er akutte døgnopphald med somatikk, psykiatri og rus.

Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og kompetente sjukepleiarar, hjelpepleiarar/ helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har tett samarbeid med lege, fysio/ ergo, heimesjukepleien og spesialishelsetenesta. Vi har pasientar med mange diagnosar og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til tverrfagleg kompetanse. Vi meiner vi har eit inkluderande arbeidsmiljø der vi er rause, tolerante og spelar kvarandre gode.

Avdelingsleiar vil vere i tenesteleiar si leiargruppe og rapportere direkte til tenesteleiar for Bu- og omsorgstenesta.

Våre verdier:

Respekt, kunnskap, omsorg



Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar har det faglege og administrative ansvaret for avdelinga og skal innanfor sitt ansvarsområde bidra aktivt i å utvikle heilheitlege og framtidsretta helse og omsorgstenester for kommunen. Stillinga inneber personalansvar for ca 25 tilsette. Avdelinga har og ein del elever, lærlingar og spl.studentar gjennom året.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i leiing evt. erfaring frå liknande leiarstilling i offentleg sektor er ønskeleg men ikkje eit krav. Leiarutdanning/ kurs vil ein få tilbod om
  • Gode norskkunnskaper og god muntleg og skriftleg framstillingsevne
  • Ha god og generell datakunnskap og kan tileigne seg fagsystem som blir brukt i kommunen

Vi er på utkikk etter deg som:

  • Har erfaring frå spesialisthelsetenesta med tanke på den aukande kompleksiteten i vår pasient gruppe
  • Er tydelig, strukturert og systematisk
  • Er utviklings- og endringsorientert
  • Har evne til å motivere og engasjere dine medarbeidarar
  • Har stor arbeidskapasitet og er fleksibel
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er lojal og sjølvstendig
  • Personleg eignaheit blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med stor moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Eit arbeidsfelleskap med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Eit raust og godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Gunhild Gimmestad, Kommunalsjef helse og velferd, 91640696, gunhild.gimmestad@gloppen.kommune.no

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune



Referansenr.: 4836195876

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
359997126
Sist endret
06. aug. 2024 01:38