Inaktiv

Helsefagarbeidar 

Arbeidsgiver
Heimetenesta, Stad kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidarstillingar i Heimetenesta avd. Selje/Stadlandet
Frist
20.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du helsefagarbeidar og på utkikk etter nye utfordringar ? Sjå her!

Vi søkjer helsefagarbeidar som jobbar godt sjølvstendig, samt i team.

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar med tenestestad Selje/Stadlandet. Stillingane inkluderar 20% frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til planlegging av arbeidstid. Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3.helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det kan bli ledig fleire stillingar.

Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og yt tenestar til heimebuande i heile kommunen. Vi yt mellom anna praktisk bistand, helsehjelp i heimen og lindrande behandling. Som tilsett vil du arbeide tverrfagleg saman med andre tenester for å gje eit best mogleg fagleg tilbod.

Som tilsett i heimetenesta vil du få ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.

Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår og vi treng deg som har budd ute ei stund og som ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi ønskjer deg med på laget!



Arbeidsoppgåver

  • Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon av tenesteytinga i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinje
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Praktisk bistand
  • Samarbeid med pårørande
  • Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre

Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, men ufaglærte med relevant erfaring kan gjerne søkje med forbehold om å gjennomføre fagbrev
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og godt i team
  • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Kontaktinformasjon

Anne-Lise Teige, Avdelingsleiar Selje/Stadlandet, 41002206, anne.lise.teige@stad.kommune.no

Ingrid Hjelmeland, Assisterande einingsleiar Heimetenesta, 975 30 265, ingrid.hjelmeland@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Sekundær Fylkesvei 619 360

6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4832657297

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sekundær Fylkesvei 619 360, 6740 Selje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
360002482
Sist endret
05. juli 2024 10:49