Juridisk rådgjevar - Tilsyn og ulovlegoppfølging - 100% fast

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling
Frist
28.07.2024

Beskrivelse

Vi treng styrking av laget og søker difor etter juridisk rådgjevar på byggesakskontoret.

Som juridisk rådgjevar på Avdeling byggesak og geodata vert du del av eit tverrfagleg miljø der vi arbeider med plan- og byggesaker, oppmåling, eigedomsskatt og miljøretta helsevern. Di rolle vil i hovudsak vera å arbeida med tilsyn og ulovlegoppfølging i Kvinnherad kommune.

Kommunen har plikt til å følgje opp ulovlege tiltak, og vi ser etter den rette personen som kan vera med på å gjennomføra dette . Oppgåva er lovpålagt, men gjennomføring og valg av metode er i stor grad lagt til kommunen sitt skjønn. Du vil såleis kunne påverke og utforme arbeidet i denne rolla.

Kvinnherad kommune har vedteken strategi for arbeidet med tilsyn og målsetjinga er mellom anna å sikre god kvalitet på byggetiltak i kommunen, og at byggetiltak er i tråd med gitte løyver og lovverk. Dette er dei ytre rammene for arbeidsoppgåvene.

Arbeidsoppgåver

- Ulovlegoppfølging etter plan- og bygningslova

- Handsame innkomne saker etter ulovlegoppfølging og tilsyn i tråd med vedteken strategi

- Handsaming av klagesaker

- Tilsyn etter plan- og bygningslova

- Rettleiing til innbyggarane, tiltakshavarar og ansvarlege søkarar

- Sakshandsaming

Dersom kommunen vedtek å utvida eigedomsskatt vil oppgåver knytt til dette også kunne bli lagt til som del av arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar

- Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap

- Gode evner til framføring skriftleg og muntleg

- Kunnskap om byggebransjen og eventuelt erfaring frå tilsyn og kontroll av byggetiltak er ein fordel

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter ein kollega som vil trivast i lag med oss og som i våre draumar er om lag slik:

- Du er oppteken av å oppnå gode resultat, du ser løysingar og likar å utvikle arbeidet ditt.

- Du har stor arbeidslyst og arbeidskapasitet.

- Du likar å jobbe i tverrfaglege team, men evnar å arbeide sjølvstendig og målretta.

- Du deler kunnskap, kan presentera arbeidet ditt både internt og til politisk nivå og du deltek i utviklinga av arbeidsplassen din.

- Du er ikkje redd for å prøva ut nye arbeidsområde og metodar.

- Du er analytisk, nøyaktig, sjølvstendig og har fagleg integritet.

Hjå oss vil du få varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, og du vil få stor fridom til organisering av arbeidet ditt i tråd med kommunen sin valde tilsynsstrategi. Du vert del av eit team med høg kompetanse, godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer.

Vi tilbyr

- Varierte og interessante arbeidsoppgåver

- Godt arbeidsmiljø samen med dyktige medarbeidarar

- Løn etter kvalifikasjonar og avtale

- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.

- Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar.

Innsending av søknad

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Jurist, Rådgivning
FINN-kode
360004628
Sist endret
08. juli 2024 09:32