Helgestillingar og tilkallingsvikarar
- Arbeidsgiver
- Heimetenesta, Stad kommune
- Stillingstittel
- Helgestillingar og tilkallingsvikarar i Heimetenesta
- Frist
- 20.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du interessert i heimebasert omsorg? Vi søkjer innovative og engasjerte tilsette til helgestillingar og tilkallingsvikariat i Heimetenesta - Selje/Stadlandet og Nordfjordeid!
Heimetenesta i Stad kommune har behov for fleire tilsette i helgestillingar og tillkallingsvikariat.
Helgestillingane er faste stillingar på 40 % med 20 % frie timar.
Skriv i søknaden kva avdeling du ønskjer å bli vurdert for stilling i.
Avdeling Selje/Stadlandet har ledig 3 stillingar.
Avdeling Nordfjordeid har ledig 3 stillingar.
Heimetenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar og helseutfordringar i ulik alder og livssituasjon.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre faglege oppgåver, omsorg og behandling
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ønskeleg med fagutdanning innan helse og omsorg, men ikkje eit absolutt krav
Personlege eigenskapar
- Du jobbar for eit kontinuerlig godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- Du likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ og ansvar
- Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane finn du her.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden.
Stad kommune har 6 månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillingane!
Kontaktinformasjon
Tove-Lill Hjertenes, Avdelingsleiar Heimetenesta avd. Nordfjordeid, 92 68 05 87, tove-lill@stad.kommune.noAnne Dybedal Berteig, Avdelingsleiar Heimetenesta avd. Nordfjordeid, 989 00 561, anne.dybedal.berteig@stad.kommune.no
Anne-Lise Teige, Avdelingsleiar Heimetenesta avd. Selje/Stadlandet, 410 02 206, anne-lise.teige@stad.kommune.no
Ingrid Hjelmeland, Assisterande einingsleiar Heimetenesta, 975 30 265, ingrid.hjelmeland@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4832657116
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 20.08.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 6
- Sted
- 6770 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 360006827
- Sist endret
- 05. juli 2024 11:18