Inaktiv

Sakshandsamar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Kontaktperson
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Vil du bidra i utvikling av vår interkommunale barnevernteneste? Osterøy kommune er vertskommune for Vaksdal og Modalen barnevernsteneste. Saman skal vi i Sørfjorden barnevernsteneste skape gode tenester og bidra til at barn og unge får den hjelpa dei treng. Vil du vere ein del av dette viktige samfunnsoppdraget kan du vere personen vi søkjer!

Sørfjorden barnevernsteneste har ledig eit svangerskapsvikariat som sakshandsamar i 100 %. Stillinga er ledig frå snarast til ut august 2025.

I dag har me 12 tilsette, og er organisert i Familiens hus. Her finn du og tenestene PPT, Barn- og familieteamet og Osterøy helsestasjon. Familiens hus er organisert i sektor for Oppvekst, undervisning og kultur. Vår barnevernteneste har fokus på tidleg innsats, og ønskjer difor i tillegg å fylgje opp einskildsaker og bidra på systemnivå i høve satsing på førebyggjande arbeid for alle barn i tråd med ny barnevernlov/oppveksteform. Familiens hus er lokalisert i nye, fine lokale i Lonevåg sentrum. Tenesta disponerar også kontorlokaler i Vaksdal kommune.

Me vil i rekrutteringsprosessen gjere fortløpande intervju av kvalifiserte søkjarar.


Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming etter Lov om barnevern og anna relevant lovverk
  • Kartleggje og følgje opp barnet og barnet sitt behov
  • Samarbeide med barn, ungdom og deira familiar
  • Koordinere og samarbeide med andre instansar
  • Utarbeide og følgje opp planar og tiltak
  • Møte i barnevern- og helsenemnd og andre rettsinstansar som representant for kommunen
  • Samarbeide med andre team i tenestene og andre instansar

Vi tilbyr
  • God rettleiing og tett oppfølging
  • Ein spanande jobb i ein kommune med heilskapleg satsing på barn/ungdom og deira familiar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Eit høgt fagleg nivå med fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Anna:

Kopi av vitnemål og attester tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Oppmøtestad vil være på Osterøy, men ein må pårekne arbeid i Vaksdal og Modalen. Dersom du tek i mot stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3md. jf. Barnevernloven.


Kvalifikasjonskrav
  • Krav om master eller pågåande masterutdanning i barnevern eller sosialt arbeid, eller anna relevant fagområdet.
  • Relevant arbeidserfaring vert vektlagt.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, hovudmålet til kommunen er nynorsk
  • Krav om førarkort klasse B

Kven er du?
  • Vi vektlegg tilsette som er stabile og har eit fagleg engasjement med barn sitt beste i fokus
  • Visar rausheit og respekt i møte med barn og familiar
  • Du må vere god på relasjonsbygging og samarbeid med barn og deira familiar
  • Du meistrar stress og har tryggleik til å stå i krevjande situasjonar
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og i team
  • Du er strukturert, løysingsorientert og har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Du har ei positiv haldning sjølv i ein hektisk kvardag, og du beherskar eit høgt arbeidstempo og tidvis stor arbeidsmengde
  • Du har god endring- og fleksibilitetsvilje
  • Du må opptrå i samsvar med Osterøy kommune sitt verdigrunnlag, tillit, inkludering og nyskaping
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!


Sektor
Offentlig
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Konsulent, Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
360007652
Sist endret
08. juli 2024 08:07