Helsesekretær/medisinsk sekretær

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Helsesekretær / medisinsk sekretær
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk med vel 20 medarbeidarar. Avdelinga yter teneste til ulike kliniske einingar i sjukehuset, og behandlar både pasientar innlagt ved sengepost og pasientar til poliklinisk behandling. Vi legg vekt på ei god fagleg teneste, kontinuitet for pasientane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Vi har oppretta eit engasjement for helsesekretær/medisinsk sekretær i 60 % stilling med moglegheit for fast ansettelse. Ergoterapiavdelinga har ikkje hatt merkantil ressurs tidelegare så dette er ei god moglegheit for deg som ønskjer å vere med å utvikle og forme stillinga sjølv. Oppgåvene er knytt til timetildeling i poliklinikk og administrasjon i ulike fagsystem.

Vi søkjer deg som jobbar strukturert og sjølvstendig, og som vil bidra til god logistikk og pasientflyt.



Arbeidsoppgåver

  • Timetildeling i DIPS og andre pasientadministrative oppgåver
  • Telefonteneste
  • Innkjøp, bestilling og mottak av varer
  • Administrative oppgåver i ulike fagsystem

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsesekretær eller medisinsk sekretær
  • Ønskjeleg med erfaring frå spesialisthelsetenesta og bruk av DIPS
  • God IKT kunnskap, gjerne innanfor fagsystema som vert nytta i spesialisthelsetenesta
  • Du må meistre godt norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og vere serviceinnstilt
  • Du trivast med logistikk og administrative oppgåver
  • Du er målretta og får oppgåvene gjort
  • Du er strukturert
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du vil bidra til et godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Moglegheit til å bidra med å utvikle og forme stillinga sjølv
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Bodil Stokke, Avdelingssjef, +47 55975008

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4835184460

Stillingsprosent: 60%

Engasjement

Sluttdato: 31.12.2024

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Kontor og administrasjon, Helsepersonell / Helsesekretær
FINN-kode
360008171
Sist endret
08. juli 2024 06:47