Vil du arbeida saman med oss i Klausabakken barnehage?

Arbeidsgiver
Voss herad Klausabakken barnehage
Stillingstittel
Vert du vår nyaste pedagogiske leiar?
Frist
29.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Klausabakken barnehage ligg sentrumsnært, er ein stor barnehage med 128 barn og har omlag 45 tilsette. Me er organisert i 4 storgrupper og har eit godt fagleg miljø og ynskjer deg som vår nye medarbeidar.

Me har ledig 1 fast stilling, 100%, som pedagogisk leiar. Tilsetting frå 01.10.2024, eller så snart som mogeleg.

Om stillinga

  • Stillinga er på 3-5 årsgruppe

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet.
  • Utvikle og ivareta eit godt samarbeid med barn og foreldre/føresette
  • Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar.
  • Førebu og gjennomføra oppstartsamtalar og foreldresamtalar
  • Sørge for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø.
  • Være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Me ynskjer

  • Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • Du har fokus på barna sitt beste, evne og vilje til å samarbeid, og kan jobba sjølvstendig.
  • Du er utviklingsorientert, engasjert, løysingsorientert og fleksibel
  • Deg som kan bidra til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og mestringsopplevingar kvar dag i vossabarnehagane.

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre.
  • Humor og glede i kvardagen
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk
  • Voss som tettstad tilbyr mektig natur, ski og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell

Informasjon om barnehagane

Det er 11 kommunale barnehagar i heradet. I vossabarnehagen er ein opptatt av å skapa kvalitet og gode relasjonar i møte med barn, foreldre og tilsette. I vossabarnehagen arbeider ein kontinuerleg med å utvikla den gode barnehage. Gå inn på heimesida til Voss herad for å finne informasjon om den einskilde barnehage.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sverresbakken 10, 5704 Voss
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Ledelse
FINN-kode
360009931
Sist endret
08. juli 2024 07:31