Avdelingsleiar psykisk helse

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Psykisk helse og rus
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga:

Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune?

Psykisk helse og rustenesta består av 4 avdelingar.

No er det ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar i avdeling psykisk helseteam.

Psykisk helseteam er ei lågterskelteneste og yter tenester til personar med psykiske plager og/eller rusproblematikk. Rask psykisk helsehjelp og aktivitetstilbod er organisert i psykisk helseteam.

Teamet har totalt 12 årsverk med lokasjon i Sogndal, Leikanger og Balestrand.

Arbeidsoppgåver og ansvar:

  • Ivareta det faglege, administrative og daglege ansvaret i avdelinga.
  • Personalansvar
  • HMS og internkontroll
  • Utarbeide prosedyrar og rutinar
  • Ansvar for å utvikle, forbetre og nytte ressursane på ein effektiv og rett måte
  • Delta i økonomistyring for avdelinga i samarbeid med tenesteleiar
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre offentlege instansar
  • Vere ein pådrivar til utvikling av organisasjon og teneste i tråd med kommunen sine planar og satsingsområde.
  • Fremje god trivsel og eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig helse og sosialfag evt anna relevant høgskuleutdanning
  • Leiarerfaring vil vere eit føremon
  • Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus vil vere eit føremon.
  • Vidareutdanning innan psykisk helse/rus/leiing er ynskjeleg
  • God datakunnskap og interesse for digitale fagsystem
  • Førarkort kl B
  • Beherskar godt norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide målretta og strukturert.
  • Løysing og resultatorientert
  • Sjølvstendig, lyttande og tydleg på forventningar og tilbakemeldingar
  • Er fleksibel og reflektert
  • Kan takle uforutsette situasjonar i ein hektisk kvardag
  • Gode samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd.

Me tilbyr:

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i stadig utvikling.
  • Fokus på kompetanseutvikling
  • Fokus på brukarmedverknad
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • Ein kommune i utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
360009932
Sist endret
08. juli 2024 07:12