Vil du arbeida saman med oss i Klausabakken barnehage?

Arbeidsgiver
Voss herad Klausabakken barnehage
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar i Klausabakken barnehage
Frist
29.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Klausabakken barnehage ligg sentrumsnært, er ein stor barnehage med 128 barn og har omlag 45 tilsette. Me er organisert i 4 storgrupper og har eit godt fagleg miljø og ynskjer deg som vår nye medarbeidar.

Me har ledige 3-4 stillingar frå 12.08.2024. Ynskjeleg med tiltreding så snart som mogeleg.

  • 1 100 % fast fagarbeidar frå 12.08.2024
  • 3 100 % fagarbeidar mellombels i perioden 12.08.2024-31.07.2026

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Andre søkjarar med relevant erfaring kan også bli vurdert.
  • Godkjent politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga

Me tilbyr

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Om stillingane

  • Søkjer tilsette som skal arbeida på avdeling, eventuelt med oppfylging av enkeltbarn

Arbeidsoppgåver

  • Planlegga og gjennomføra leik og aktivitetar
  • Delta med daglege gjeremål som måltid, påkleding og stell
  • Vera ein god og varm tilsett og bidra til at born frå rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehage

Me ynskjer

  • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • Du har fokus på barns beste, er samarbeidsvillig og kan jobba sjølvstendig
  • Du skapar gode og nære relasjonar med barn, foreldre og tilsette
  • Du er utviklingsorientert , engasjert, fleksibel, og løysingsorientert
  • Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • Menn blir oppmoda om å søkja

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkja. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Link til søknadsskjema: Søk her

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Sverresbakken 10, 5704 Voss
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Annet
FINN-kode
360012916
Sist endret
08. juli 2024 10:07