Fagarbeidar kokk, vikariat 80%, moglegheit for 100%

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Husnestunet
Stillingstittel
Kokk
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Omtale av stillinga

Er du ein person som likar å finne ut av individuelle behov og likar å setje farge på tilvære for dei rundt deg? Ynskjer du å setje eit personleg preg på matførebuing til brukarane, og har god kunnskap om ernæring og kosthald? På Husnestunet har vi hatt stor suksess med å innføre kokk på avdeling. No skal ei av våre medarbeidarar gå over i anna stilling for ein periode, og vi søkjer etter ein vikar for kokk i perioden 12.08.2024-26.01.2025. Stillinga er knytta til turnus med arbeid kvar 3. helg, og kan bli fast. Om ein kunne tenkje seg høgare stilling, kan me få dette til i turnus.

Vi søkjer

Vi søkjer ein person som likar å lage mat kombinert med å følge opp beburarane våre.

Arbeidsoppgåver

- Førebuing og anretning av måltid

- Bestille mat i frå storkjøkken

- Følge opp særlige tilrettelagde måltid(allergiar etc)

- Ernæringsoppfølging

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning, fagbrev som kokk, evt fagbrev innan ærnæring/matfag
  • Relevant arbeidserfaring

Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.

Personlege eigenskaper

  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Serviceinnstilt
  • Sjølvstendig

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Mat og servering / Kokk, Mat og servering, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
FINN-kode
360018819
Sist endret
08. juli 2024 11:24