Inaktiv

Forskar i maringeologi/vulkanologi

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Forskar i maringeologi/vulkanologi
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Forskar

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar i marin geologi/vulkanologi.

Stillingen er for ein periode på 8 månadar og er knytt til Senter for dyphavsforsking og Sokkeldirektoratet.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Sokkeldirektoratet har dei siste 15 åra samarbeidd med Senter for djuphavforsking ved Universitetet i Bergen med kartlegging og utforsking av djuphavet innanfor norsk jurisdiksjon. Dette samarbeidet blir no utvida med tilsetjing av ein mellombels forskar.

Det er forventa at forskaren fokuserer på geologiske prosessar i djuphavet, og forskingsspørsmål av relevans for Sokkeldirektoratet. Forskaren skal delta med vitskapleg forståing av utviklinga av Norskehavet basert på innsamla 2D seismiske data. Vidare vil forskaren vere involvert i det geologiske arbeidet ved Sokkeldirektoratet, og det er forventa at forskaren arbeider frå kontoret til direktoratet når det er relevant. Forskaren er forventa å delta i planlegging og gjennomføring av forskingstokt leidde av Senter for djuphavforsking eller Sokkeldirektoratet. Direktoratet treng arkivering av mangankorpar samla på fellestokt i 2018, 2019, 2021 og 2022. Senter for djuphavforsking har ei stor samling av bergartar, kart og ROV-video. Forskaren bør ha oversikt over dataa og bidra til å gjere desse dataa tilgjengelege.


Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha norsk ph.d.-grad eller tilsvarande grad innan maringeologi, geokjemi, petrologi eller vulkanologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Publikasjonar om relevante tema, og erfaring frå forskingstokt er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Vi kan tilby
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 624 500,- (svarar til lønssteg 64) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

    Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Rolf Birger Pedersen, rolf.pedersen@uib.no, tlf. 913 30 278.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Chris-Andre Karlsen Østevold, Chris-Andre.Karlsen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Allegaten 41, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Annet
FINN-kode
360039376
Sist endret
09. juli 2024 05:13