Inaktiv

Vi søkjer etter engasjerte Jobbkonsulentar

Arbeidsgiver
Furene As Avd Volda
Stillingstittel
Jobbkonsulent arbeidsmarkedsbedrift
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du ein yrkesbakgrunn som du tenkjer kan være relevant og eit sterkt ynskje om å bidra til å "løfte" personar i arbeidslivet?
Vi har ledig faste stillingar til drifta vår både på indre og ytre i dei sju kommunane vi jobbar i. Stillingane er knytt til tiltaka VTA og AFT




Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som:


  • Er trygg på deg sjølv og likar å vere med og bygge relasjonar

  • Likar å utfordre, bidra til løysingar og ha forventningar til andre og deg sjølv

  • Likar å vere ilag med og rundt alle typar folk

  • Meistrar å ha mange ballar i lufta

  • Er god både på munnleg og skriftleg framstilling

  • Er positivt opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø

  • Kjenner godt til lokalt næringsliv

Kompetansekrav:


  • Bachelor, fagbrev eller tilsvarande - fagområde kan til dømes vere marknad og sal, HR, helse og sosialfag, pedagogikk m m.

  • Effektiv i bruk av data som arbeidsreiskap

  • Førarkort kl B

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt


Det er krav til bruk av eigen bil i arbeidet.


Politiattest vil bli kravd ved tilsetjing.


Merk søknad: Jobbkonsulent VTA/AFT


Søknadar vert behandla fortløpande




Arbeidsoppgaver
  • Følge opp arbeidstakarar i VTA og AFT tiltaka

  • Kontakt med og oppfølging av arbeidsgjevarar i samband med praksisplassar, arbeidsutprøving og arbeidsformidling.

  • Karriererettleiing og oppfølging av personar som treng utvida bistand for å skaffe eller behalde arbeid

  • Samarbeid med NAV m.fl

  • Skriftleg rapportering etter gjeldande krav

  • Undervisning i mindre grupper

  • Samarbeid med lokalt næringsliv om framtidas kompetanse og opplæringsbehov og vegen fram til formell komptetanse



Vi tilbyr
  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit kreativt og skapande miljø både i Furene og gjennom vårt medlemsskap i Kopano

  • Godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Opplæring i relevante verkty

  • Aktivt trivselslag
Sektor
Privat
Sted
Furene 10, 6105 Volda
Stillingsfunksjon
Rådgivning, HR, personal og rekruttering, Konsulent
FINN-kode
360154354
Sist endret
24. aug. 2024 11:32