Energimontør

Arbeidsgiver
Bane NOR SF
Frist
18.08.2024

Beskrivelse

Om oss

Vi står overfor ei spennande framtid der jernbanen er eit tverrpolitisk satsingsområde. Ønskjer du varierte oppgåver og moglegheiter for god fagleg utvikling? Bane Nor er staden for deg som vil jobba med noko handgripeleg og samfunnsnyttig, saman med kollegaer som er stolte av jobben dei gjer for at folk og gods kan komma trygt fram.
Som Energimontør skal du montera, halda ved like, reparera og setja elektriske anlegg i drift. Anlegga består av matstasjonar, overføringslinjer og kontaktleidning for overføring av elektrisk kraft til toga. Du reiser master, strekk leidningar og arbeid i høgda.

Dette kan me tilby deg

Vi er ein organisasjon i vekst. Viktigheita av oppgåvene våre vil prega arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk som brenn for det dei jobbar med. Me set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggjande moglegheiter for våre tilsette. Blant tilsettgoda finn du:
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og VY toga sine
  • Permisjonsordninger som møter behovet ditt
  • God seniorpolitikk


Dette kjem du til å gjera

Stillinga vil innebera tidvis hektiske dagar med varierte arbeidsoppgåver og moglegheiter for god fagleg utvikling. Du vil få arbeidsoppgåver innanfor drift, vedlikehald og mindre fornying.
  • Drifts- og vedlikehaldsoppgåver
  • Beredskap og feilretting
  • Mindre fornyings- og investeringsoppgåver
  • Forebyggende vedlikehald
  • Tverrfaglig samarbeid med andre faggrupper i Bane Nor og andre aktørar i sektoren
  • Noko reiseverksemd, natt og helgearbeid må påreknast
  • Turnus med beredskap og nattarbeid må påreknast


Vi ser etter deg som har
  • Fagbrev som Energimontør og/eller KL-montør
  • Førerkort klasse BE
  • Godkjent som leiar for elsikkerhet (LFS) og hovudtryggingsvakt (HSV), eller villig til å ta denne opplæringa
  • Lokførerutdanning, eller vilje til å ta den
  • Grunnleggende IT-kunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Du må oppfylla krava i helsekravforskrifta, der det blir stilt krav til mellom anna høyrsel og fargesyn. Helseundersøking vil bli gjennomført i samband med eventuell tilsetjing viss ikkje godkjend helsekontroll/test kan leggjast fram.

Av personlege eigenskapar ser me for oss
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Arbeider nøyaktig, sikkert og systematisk
  • God tryggleiks- og risikoforståing
  • Forståelse for tverrfaglegheit og samarbeid med andre faggrupper
  • Løsningsorientert og trivst med fysisk arbeid i høgt tempo
  • Trives med å jobba sjølvstendig og i team
  • Bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø

Kjekt å vita

Å søkja jobb i Bane Nor skal vera lett. Du treng derfor ikkje å skriva eit søknadsbrev - ein godt utfylt CV på norsk og svara dine på nokre få spørsmål i søknadsprosessen, er det me ønskjer frå deg.
Ser du noko du ikkje kan? Ta det heilt med ro – me skal sikra at du får ei god opplæring! Me oppmodar deg til å søkja stillinga om ho er interessant, og om du har lyst til å læra noko nytt.
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Det er viktig for oss at medarbeidarane våre identifiserer seg med våre verdiar som er open, ansvarleg og lagspelar. Kva betyr desse verdiane for deg?
Bane Nor samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vil du setja spor, håpar me du tek kontakt med oss oss
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
3570 Ål
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektriker, Ingeniør, Ledelse
FINN-kode
360381433
Sist endret
09. juli 2024 05:47