Banemontør

Arbeidsgiver
Bane NOR SF
Frist
18.08.2024

Beskrivelse

Om oss

I Bane Nor har me eitt felles mål – å setja spor me er stolte av, som kan driva samfunnet framover. Derfor jobbar me målretta med berekraft, modernisering og knutepunkt. Hos oss får du engasjerte og nytenkjande kollegaer med ei sterk tru på at oppdraget vårt er viktig – og stadig blir viktigare. No treng me to banemontørar som vil bidra til å modernisera Noreg saman med oss og samarbeidspartnarane våre.
Som Banemontør på Ål bidreg du til at Noreg går på skjener, med drift og vedlikehald av jernbanen. Me trivst på jobb, og har samhald og yrkesstoltheit i arbeidet vårt. Hos oss blir du med i ei avdeling med mykje tverrfagleg samarbeid der ein blir godt kjende, og kvar ein saman skaper gode resultat for jernbanen i Noreg. Du vil få varierte arbeidsoppgåver innanfor drift, vedlikehald og fornying. Høyrest dette ut som noko for deg? Les vidare!
Hos oss får du

Vi er ein organisasjon i vekst. Viktigheita av oppgåvene våre vil prega arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk som brenn for det dei jobbar med. Me set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggjande moglegheiter for våre tilsette. Du får arbeidsforhold for tida me lever i - og du vil bli inkludert i eit sosialt miljø og faglege arrangement. Blant tilsettgoda finn du svært gode pensjons- og forsikringsordningar, og sjølvsagd personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og VY toga sine. Me har også:
  • Godt arbeidsmiljø, med fokus på samhald og tryggleik
  • Gode utsikter for fagleg utvikling og moglegheiter for sertifisering
  • Flott arbeidsstad og vakker natur
  • Turnusarbeid der du kjem heim kvar dag, men ein del natt, helg og heilagdagar må påreknas
  • Permisjonsordninger for alle livsfasar
  • God seniorpolitikk

Vi er også oppteken av work-life-balance - for me trur at du fungerer betre på jobb om du fungerer godt privat.

Dette kjem du til å gjera

Du kjem til å vera ein del av eit lag som utfører feilretting, drift og vedlikehald av banestrekninga. I dette ligg det:
  • Fornying og investeringsoppgåver på linja
  • Bidra til forbetringsarbeid for å oppnå auka tilgjengelegheit i anlegg
  • Være ein del av tverrfagleg samarbeid på tvers i Bane Nor og med andre aktørar i sektoren
  • Være villig til å utføra andre prosjektoppgåver også utanfor eigne kontraktsområde
  • Ta del i beredskapsordning, som ved behov må kunna rykkja ut til stasjoneringsstad innan 60 minutt

Dette trur me du treng for å lykkast og trivast

Vi stiller krav til at du har fagbrev som banemontør.
  • Godkjent HSV, eller at du er villig til å ta dette. Yrkespsykologisk test vil bli gjennomført før tiltreding om du ikkje allereie er godkjend som HSV
  • Har førarkort klasse BE
  • Det er ønskjeleg at du har maskinførarbevis, eller kan visa til lang erfaring med å føra maskiner
  • Du har godkjent helsesjekk/helsetest. Det er eit krav om at du må oppfylla krava i helsekravforskrifta, der det stilles strenge krav til mellom anna syn, høyrsel og fargesyn

Personlege eigenskapar vil også bli tillagt vurderinga. Me trur at du kan kjenna deg igjen i:
  • Kommuniserer på ein klar og tydeleg måte
  • Sosial og liker å jobba i lag
  • Verdsetter struktur og klara rammer
  • Innehar god tryggingsforståing


Kjekt å vita

Å søkja jobb i Bane Nor skal vera lett. Du treng derfor ikkje å skriva eit søknadsbrev - ein godt utfylt CV på norsk og svara dine på nokre få spørsmål i søknadsprosessen, er det me ønskjer frå deg.

Ser du noko du ikkje kan? Ta det heilt med ro – me skal sikra at du får ei god opplæring! Me oppmodar deg til å søkja stillinga om ho er interessant, og om du har lyst til å læra noko nytt.
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Det er viktig for oss at medarbeidarane våre identifiserer seg med våre verdiar som er open, ansvarleg og lagspelar. Kva betyr desse verdiane for deg?
Bane Nor samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vil du setja spor, håpar me du tek kontakt med oss

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
3570 Ål
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Ledelse, Prosjektledelse
FINN-kode
360381435
Sist endret
09. juli 2024 05:49