Inaktiv

Spennande stilling som

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Helse
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar på legevakt
Frist
29.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fast stilling som spesialsjukepleiar på Etne/Vindafjord legevakt er nå ledig.

Me søkjer deg som er ansvarleg, handlekraftig, fleksibel og som likar å arbeide med mennesker.

Om arbeidsstaden:

Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med Etne, med tilsaman 17 fastlegar og 6 sjukepleierar i turnus arbeid. Dei er lokalisert i Vindafjord beredskapsenter og er samlokalisert med Ølen legekontor. Nye og flotte lokaler.

Ein spennande og variert arbeidsplass, som byr på mange ulike oppgåver innan akuttmedisin.

Dette er ein 60% fast turnusstilling med arbeid kvar 3 helg.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Jobbe i team med lege på vakt
  • Prioritere rett pasient til rett tid. Ta anamnese og vurdera tiltak
  • Ivareta pasient og pårørande ved behov
  • God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen
  • Kontrollere og følge opp daglige,veke og månadlege prosedyrar og kontroller
  • Laberatoriearbeid

Kvalifikasjonar:

  • Spesialsjukepleiar i akuttsjukepleie/legevaktsjukepleie
  • Sjukepleiar utan spesial kan også søkje
  • Du må kunne norsk skriftleg og munnleg, samt ha gode engelskkunnskapar
  • Det er ein fordel med gode datakunnskaper

Personlege eigenskapar:

Du må like å jobbe sjølvstendig og i team, ta ansvar og ha eit godt klinisk blikk. Du må trivast med uventa situasjoner, ha fleksibilietet og handlekraft og halde roen i stressa situasjoner. Det er viktig med evne til god kommunikasjon.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
360384345
Sist endret
08. juli 2024 05:23