100% stilling som fagarbeidar 

Arbeidsgiver
f.t. ved Davik oppvekst, avdeling skule, Bremanger kommune
Stillingstittel
Fagarbeidar
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ved Davik oppvekst avd. skule, har vi ledig ei 100% vikariat stilling som fagarbeidar, frå 01.08.24-31.07.25, med moglegheit for forlenging.

Davik oppvekst er ein 1-10 skule, med ca. 70 elevar og barnehage.



Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er knytt til elev med spesielle behov.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent fagbrev
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Gode norsk-kunnskaper

Andre med anna relevant utdanning eller erfaring kan også søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og
    kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
  • Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage frå 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

Kontaktinformasjon

Helge Bakke, Driftssjef, +47 95985264

Arbeidsstad

Sørsida 1801

6730 Davik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune



Referansenr.: 4837180364

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 31.07.2024


Sted
Sørsida 1801, 6730 Davik
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
360387899
Sist endret
09. juli 2024 06:03