Maskinsjef på reservefartøy i Vestland, tidligare Hordaland

Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Stillingstittel
Maskinsjef på reservefartøy i Vestland
Frist
29.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef på reservefartøy i "gamle" Hordaland. For tida er det MF Sogn og MF Solskjel som er våre reservefartøy i regionen. Opplagskaia er ved Sunde ferjekai i Hardangerfjorden. I denne stillinga har du ansvar for å halde ferjene operative til ein kvar tid. Du skal hjelpe ferjer i drift ved behov for akutt byte av fartøy eller ved planlagde verkstadopphald. Mannskap på reserveferjene våre har ei avgjerande rolle i oppretthalding av driftseffektiviteten på våre ferjesamband. Her vil du få varierte arbeidsdagar og god moglegheit til å nytte din kunnskap og kompetanse.

Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av - 84 timer per veke.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!



Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
  • Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskinsdagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Høgspentkurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning per tid: 2 veker på og 2 veker av - 84 timer per veke

Kontaktinformasjon

Silje Terese Hjønnevåg Hole, Bemanningskoordinator, +47 91311704

Arbeidsstad



Kvinnherad Municipality

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS



Referansenr.: 4837183806

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.07.2024


Sted
5450 Sunde i Sunnhordland
Stillingsfunksjon
Teknisk personell, Ledelse, Annet
FINN-kode
360390741
Sist endret
09. juli 2024 06:04