Sjukepleiarar/vernepleiarar

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing sjukepleiarar (evt. vernepleiar) frå 05.08.2024
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillingane Me tilbyr

Gulen kommune, for tida ved Gulen sjukeheim - Sone Eivindvik, har ledig fylgjande stillingar frå 05.08.2024:

  • 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar, nattevaktstilling (jobb kvar 3. helg)
  • 200% faste stillingar som sjukepleiar/vernepleiar (jobb kvar 3. helg)
  • 100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar (langvakter), frå 05.08.24 - 31.08.25 (jobb kvar 4. helg)
  • Løn over tariff for arbeid i turnus
  • Bonus på 100 000,- ved binding i to år i dei faste stillingane (ratevis utbetaling)
  • Ekstra helgekompensasjon
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim

Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til personane på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik. Stillingane er i utgangspunktet knytt til sjukeheimen, men det kan vere aktuelt med enkelte oppgåver i sona elles også.


Arbeidsoppgåver
  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Medikamentadministrasjon
  • Andre sjukepleiefaglege oppgåver
  • Avløysar for avdelingssjukepleiar
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar
  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
360391958
Sist endret
09. juli 2024 06:08