Dirigent Valldal skulekorps

Arbeidsgiver
Fjord kommune
Stillingstittel
Dirigent Valldal skulekorps
Frist
28.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Valldal skulekorps er eit janitsjarkorps med drilltropp frå sjølvaste jordbærbygda Valldal på Sunnmøre. Valldal skulekorps vart stifta i 1968 og har ca. 35 medlemmar inklusiv drilltropp, aspirantar og støttemedlemmar.

Valldal skulekorps sin visjon er musikalsk utvikling og speleglede for alle. Korpset øver kvar måndag i kultursalen og idrettshallen på det flotte Martin Linge-huset i Valldal, og rekrutterer medlemmar frå bygdene Valldal, Fjørå, Tafjord og Liabygda.

Korpset arrangerer konsertar og seminar, deltek på konkurransar og reiser på turar, både innanlands og i utlandet. Dei siste åra har vi deltatt på Rocka Musikkstemne på Nordfjordeid, Sommarlandfestivalen i Bø, Averøyfestivalen og vore på utlandstur til Gdansk i Polen.

I 2022 arrangerte vi Korpsfestivalldal med nærare 700 deltakarar jonsokhelga i juni. Vi har sett oss som mål å arrangere Korpsfestivalldal kvart 3.år.

Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju



Arbeidsoppgåver

  • Dirigenten er korpset sin musikalske leiar, men ansvar for all musikalsk aktivitet
  • Dirigenten må følgje opp skulekorpset musikalsk, med m.a. konsertar og konkurransar. Kontakt med lærarar og styre og i tillegg delta i rekruttering av nye aspirantar.
  • Dirigenten skal, sørge for at korpset til ei kvar tid har eit godt reretoar i tråd med årsplan.
  • Det er viktig at dirigenten kjenner til messing, treblås- og slagverkinstrument, og har god partiturkjennskap

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • Dirigenterfaring, og elles erfaring med skulekorps
  • Erfaring i å omarrangere/tilpasse stemmer til ulike nivå, for å gje alle mestring
  • Må kunne dokumentere at du har eit språknivå tilsvarande B1 om du ikkje har skandinavisk språk som morsmål.
  • Politiattest med nyare dato må leggast fram før oppstart.

Personlege eigenskapar

  • Trygg, varm vaksenperson, som kan skape gode relasjonar til alle. og er bevisst eigne hadningar og verdiar
  • Motivert og engasjert pedagog og kollega
  • Bidreg positivt i personalet og korpset, med godt humør og fagleg innspel
  • vil vere med å utvikle faget, korpset og kulturskulen
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt

Vi tilbyr

  • Tilsetting på dei vilkår som samsvarar med garantilønn jf. HTA og etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Thea Marie Ytterdal, Rektor kulturskulen, 41576702

Arbeidsstad

Skulebrauta 46

6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune



Referansenr.: 4837253331

Stillingsprosent: 20%

Fast

Startdato: 19.08.2024

Søknadsfrist: 28.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Skulebrauta 46, 6210 Valldal
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Kontor og administrasjon
FINN-kode
360408926
Sist endret
09. juli 2024 06:30