Stipendiat 3 år ved Institutt for biomedisin

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Stipendiat 3 år ved Institutt for biomedisin
Frist
15.09.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” Novel genetic integrin alpha11 mouse models: closing in on cardiac fibrosis ”, finansiert av Nasjonalforeningen for folkehelse.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I gruppen til Prof. D. Gullberg er det en interesse for å forstå rollen til integrin alpha11 i vev- og tumor-fibrose. I et nært samarbeid med grupper ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Oulu, Finland, har gruppen et pågående samarbeid for å undersøke rollen til integrin alpha11 i hjertefibrose hos mennesker og mus.

Stipendiaten vil i projektet sitt:

  • Delta i å karakterisere en ny fluorescerende reportermusestamme med hensyn til integrin alpha11-promotoraktivitet i musembryoer og i fibrotiska hjerter
  • Karakterisere alpha11-uttrykk og funksjon i hjertet av en ny humanisert musestamme
  • Ta del i detaljert epitopkartlegging av integrin alpha11 monoklonale antistoffer
  • Undersøke rollen til mekanoregulering for integrin alpha11 uttrykk og funksjon


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i cellebiologi, farmakologi eller molekylærbiologi
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt. Nærmere bestemt er tidligere erfaring innen: 1) dyrking av museceller, 2) genotyping og analysering av transgene mus, 3) erfaring med avansert mikroskopisk avbildning av dyrkede celler, ønskelig.
  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner,
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB

Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet


For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning (Ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.


Vi tilbyr:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Elon Donald Gullberg; e-post: donald.gullberg@uib.no.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 91, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
360418075
Sist endret
09. juli 2024 06:45