Inaktiv

Stipendiat i samisk leksikografi

Arbeidsgiver
UiT Norges arktiske universitet
Stillingstittel
Stipendiat i samisk leksikografi
Frist
15.10.2024

Beskrivelse

Om stillinga

Ved Institutt for språk og kultur (ISK), Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL) er det ledig ei 3-årig stipendiatstilling i samisk leksikografi. Stillinga er knytt til Senter for samisk leksikografi ved forskingsgruppa Giellatekno. Giellatekno arbeider i lag med forskings- og utviklingsgruppa Divvun med datalingvistiske modellar av samiske språk og utvikling av praktiske dataprogram basert på desse modellane. Det samiske ordforrådet utgjer ein sentral del av desse modellane og er grunnlag for arbeid med samisk leksikografi, eit arbeid som vil bli ein sentral del av det nyoppretta Senter for samisk leksikografi. 

Stipendiatstillingen er ein utdanningsstilling med mål om fullført forskarutdanning fram til doktorgrad. Opptak til doktorgradsprogram er ein føresetnad for tilsetjing, og studieperioden startar ved tiltreding i stillinga.

Stillinga gjeld for ein periode på 3 år med ph.d.-studiar på fulltid, og det er moglegheit for forlenging med eit gjennomføringsstipend. Dersom doktoravhandlinga blir levert innan normert studietid på 3 år eller innan 3,5 år, kvalifiserer stipendiaten seg for eit gjennomføringsstipend på henholdsvis 12 eller 6 månader. Gjennomføringsstipendet skal nyttast til kvalifikasjonsfremmande tiltak, inkludert universitetspedagogisk kurs, undervisning og andre arbeidsoppgåver ved fakultetet. Meir informasjon om ordninga med gjennomføringsstipend finn du her.

Arbeidsstad er UiT i Tromsø. Du må kunne starte i stillinga innan rimeleg tid etter å ha motteke tilbodet.


Om instituttet

ISK er eit institutt med stor tematisk bredde og et svært aktivt forskingsmiljø. Det er til saman ca. 160 tilsette, primært ved campus Tromsø, men også ved campus Alta. Instituttet har omtrent 500 studentar.

Instituttet er vertskap for nokon av dei fremste språkvitskapelege miljø i verden, blant annet representert ved Center for Language, Brain and Learning (C-LaBL). I tillegg kommer forskingsgrupper i språktileigning (AcqVA), kognitiv lingvistikk (CLEAR), samisk språkteknologi (Giellatekno og Divvun), samt sosiolingvistikk fleirspråklegheit og revitalisering (MultiNor). Instituttets forskingsmiljø i litteraturvitskap, kunsthistorie og medie- og dokumentasjonsvitskap er blant annet organisert i forskingsgruppene Arctic Voices, Engaging Conflicts in a Digital Era (ENCODE), Health, Art and Society (HAS), Interdisciplinary Phenomenology (IP) og Pax Slavia in FLux: European Contexts (PSIF).

ISK tilbyr undervisning i språkvitskap, litteraturvitskap, kunsthistorie, medie- og dokumentasjonsvitskap, engelsk, kvensk og finsk, nordisk, russisk, samisk, spansk og tysk, som årsstudium, bachelor- eller mastergrads studium, samt tre internasjonale masterprogram. Instituttet har studieretning i nordsamisk, spansk, engelsk, nordisk og russisk (fag 1 og fag 2), og tysk som fag 2 i lektorutdanninga 8-13. I tillegg har instituttet har ansvar for samisk som fag i grunnskolelærerutdanninga (på morsmålsnivå og som andrespråk). Instituttet tilbyr også doktorgradsutdanning i kultur/litteraturvitskap, kunsthistorie, medie- og dokumentasjonsvitskap og språkvitskap.


Om prosjektet

Stipendiatperioden skal nyttast til eit doktorgradsprosjekt knytt til Giellatekno og Senter for samisk leksikografi.

Hovudmålet med doktorgradsprosjeketet er å forska på dei utfordringane som urfolksspråksleksikografien står overfor, og å undersøkja korleis ulike typar minoritetsspråklege ordbøker påverkar revitaliseringsprosessen og på kva måtar desse ordbøkene bør forbetrast for å oppfylla sine tiltenkte funksjonar.

Søknaden skal innehalda ei prosjektskildring med det faglege grunnlaget for doktorgradsprosjektet, det vil seie problemstilling, teoretisk rammeverk og framdriftsplan. Prosjektskissa skal ikkje vera over 9 sider, inkludert litteraturreferansar. Den endelege
prosjektskissa vil bli utvikla i samarbeid med rettleiar. Det er viktig at søkeren har passende bakgrunn og er motivert til å jobbe med prosjektet. Mal for prosjektskisse finnes her (bokmål)/her (nynorsk).


Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få av professor Trond Trosterud:

  • telefon: +47 776 44763
  • e-post: trond.trosterud@uit.no

eller instituttleiar Catrine Theodorsen: 

  • telefon: +47 776 45589
  • e-post: cathrine.theodorsen@uit.no

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar: 

  • Den som blir tilsett, må dokumentere kompetanse på mastergradsnivå i samisk språkvitskap eller litteratur, eventuelt ein annan relevant mastergrad. Dokumentert fullført mastergrad er ein føresetnad for å tiltre i stillinga. Du kan framleis søke dersom du er nær ved å levere eller nyleg har levert masteroppgåva. Du må leggje ved eit utkast av oppgåva og ei utsegn frå rettleiaren eller institusjonen om når det er forventa at oppgåva er ferdig. Du må levere karakterutskrifter for graden, sjølv om ho ikkje er fullført.
  • Søkaren må ha kunnskap i samisk og i eit skandinavisk språk
  • Søkarar skal ha dokumenterte gode kunnskapar i engelsk. Nordiske søkarar kan dokumentere dette med vitnemål frå vidaregåande skule

I bedømminga vektleggjast søkaren sitt potensial for å gjennomføre ein forskarutdanning basert på masteroppgåva eller tilsvarande, og eventuelle andre vitskaplege arbeid. Det vil òg takast omsyn til prosjektskissa. I tillegg kan det takast omsyn til annan erfaring som er relevant for gjennomføring av doktorgradsstudiet.

Ved vurderinga legg vi vekt på personleg eignaheit og motivasjon for stillinga. Vi søker kandidatar som blant anna har:

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til god kommunikasjon og samhandling med kollegaer og studentar
  • Evne og ønske om å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Flest mogleg bør få høve til å gjennomgå ei forskarutdanning. Om du allereie har oppnådd ein doktorgrad eller har tilsvarande kompetanse, er du ikkje aktuell for tilsetjing i denne stillinga


Opptak til ph.d.-program

For ansettelse som stipendiat er det ein føresetnad at du blir teken opp til ph.d.-programmet ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, og at du deltek i organiserte doktorgradsstudiar i ansettelsesperioden.

Opptak krev normalt at søkaren har:

  • Bachelorgrad på 180 studiepoeng og mastergrad på 120 studiepoeng, eller integrert mastergrad på 300 studiepoeng.
  • Masteroppgåve med eit omfang tilsvarande 30 studiepoeng eller meir, dersom søkaren har ein mastergrad på 120 studiepoeng.
  • Masteroppgåve med eit omfang tilsvarande 20 studiepoeng eller meir, dersom søkaren har ein integrert mastergrad på 300 studiepoeng.

UiT godkjenner normalt utanlandsk høgare utdanning frå land som har ratifisert Lisboakonvensjonen.

For å bli teken opp som stipendiat er det krav om eit karaktersnitt tilsvarende B eller betre på mastergraden. Karaktersnittet gjeld også for integrerte 5-årige mastergradsprogram der alle emna inngår i berekninga. Du finn nærare beskriving av opptakskrava her.

For søkarar med utanlandsk utdanningsbakgrunn vil det vurderast om utdanninga blir likestilt med norsk høgare utdanning på mastergradsnivå. Vurderinga følgjer nasjonal godkjeningspraksis, sjå NOKUT. Søkarar med utdanning frå enkelte land må ha meir høgare utdanning for å fylle opptakskrava, til dømes 4-årig bachelor og 2-årig master.

Dersom du oppfyller opptakskrava og blir tilsett i stillinga, vil du samtidig få midlertidig opptak til ph.d.-programmet. Søknad om endeleg opptak må leverast seinast to månader etter tiltreding i stillinga.


Inkluderande arbeidsliv og mangfald  

UiT Noregs arktiske universitet har eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som gjenspeglar mangfaldet i samfunnet og som nyttar potensialet i befolkninga si samla kompetanse. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke, og vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.

Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Dersom det er kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin person frå kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velgje ut riktige kandidatar, blir avkrysningane berre brukt til anonymisert statistikk. Les meir i Arbeidsgiverportalen: arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling


Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø med dedikerte kolleger  
  • Gode velferdsordningar  
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Stipendiater får normalt 532 200,- i årslønn med 3% auke pr. år.

Søknaden

Søknaden din må innehalde: 

  • Søknadsbrev med skildring av forskingsinteresser og motivasjonen for stillinga
  • CV
  • Vitnemål for bachelor- og mastergrad 
  • Karakterutskrifter for bachelor- og mastergrad 
  • Forklaring på karaktersystemet for utanlandsk utdanning (Diploma Supplement om tilgjengeleg)
  • Dokumentasjon av engelskkunnskapar 
  • Dokumentasjon av norskkunnskapar eller eit anna skandinavisk språk 
  • Attester
  • Kontaktinformasjon til 1-3 referansar
  • Mastergradsavhandlinga, og evt. andre vitskaplege arbeid (publiserte eller upubliserte)
  • Prosjektskildring (maks 9 sider)

Dokumentert fullført mastergrad er ein føresetnad for å tiltre i stillinga. Du kan framleis søkje dersom du er nær ved å levere eller nyleg har levert masteroppgåva. Du må leggje ved eit utkast av oppgåva og ei utsegn frå rettleiaren eller institusjonen om når det er forventa at oppgåva er ferdig. Du må levere karakterutskrifter for graden, sjølv om ho ikkje er fullført.

All dokumentasjon som skal vurderast, må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitnemål og karakterutskrifter må òg leverast på originalspråket. Dersom dokumentasjon på engelskkunnskapar manglar på søknadstidspunktet, må det dokumenterast før tiltreding. Vi aksepterer berre søknader og dokumentasjon som er sendt elektronisk via Jobbnorge innan søknadsfristen.


Generell informasjon 

Tilsetjinga skjer i samsvar med reglar og vilkår som til ei kvar tid gjeld for statstilsette, og retningslinjer ved UiT. På nettsidene våre finn du meir informasjon for søkarar til stillingar ved UiT.

Stilling som stipendiat blir løna etter statens regulativ kode 1017. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange goder i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP: Du kan ha rett til økonomisk støtte om du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på boliglån. Les meir om fordelane dine som tilsett på: spk.no

Kortare tilsetjingsperiode enn fire år kan givast dersom stipendiaten alt har gjennomført delar av forskarutdanningsprogrammet sitt, eller når tilsetjinga bygger på tidlegare tilsetjing i utdanningsstilling, slik at total tid til forskarutdanning blir tre år.

Personopplysningar som vert oppgjevne, blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Søkarar kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista, men universitetet kan likevel vedta at namnet til søkaren skal offentleggjerast. Søkaren vil da bli varsla på førehand før offentleggjering.


Sektor
Offentlig
Sted
Hansine Hansens veg 18, 9019 Tromsø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet
FINN-kode
360430505
Sist endret
13. sep. 2024 12:11