Inaktiv

Helsefagarbeidar (natt), 100% fast 

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Sone BBD. Tilsetjing 100% fast st. nattevakt frå 01.07.2024
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som helsefagarbeidar, nattevakt, ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Turnus er for tida knytt til avdeling Brekke og har arbeid annankvar helg, i tillegg til vakter i vekene. Det vert arbeida med å sjå på ulike arbeidstidsordningar i sona.

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.


Arbeidsoppgåver
  • Tilsyn med brukarar i heimetenesta på natt
  • Hjelp og tilrettelegging til brukarar med ulike funksjonsnivå, til dømes; stell, pleie, medikamenthandtering, ernæringsoppfølging osb.
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Dokumentere og rapportere i journalsystem
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels tilsetjing.
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar
  • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
  • Trivast med å jobbe på natt
  • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
  • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff, med evaluering husten 2024.
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Engesetvegen 125, 5961 Brekke
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
360447580
Sist endret
09. juli 2024 09:38