Inaktiv

Vi søker engasjert pedagogisk leiar/barnehagelærar

Arbeidsgiver
Osterøy Gårds Og Friluftsbarnehage As
Stillingstittel
Barnehagelærer
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som evner å ha ei leikande og utforskande tilnærming til barna. Du er trygg og har god relasjonskompetanse. Du er strukturert og brukar fagkompetansen din i planarbeidet, men tør og å utfordra deg sjølv og kollegaene dine fagleg. Du er løysingsorientert og handlekraftig og er god på kommunikasjon og samarbeid.


Du likar, og ser verdien av å bruka naturen som leikeplass og utforskingsarena. Du har noko erfaring med, eller interesse for dyr.




Arbeidsoppgaver

Leia, inspirera og motivera personalet på avdelinga, til beste for barna.


Vera ein løysingsorientert, trygg og stabil rollemodell for barn og vaksne.


Bruka fagkunnskapen din til å utfordra deg sjølv og kollegaene dine.


Delta aktivt i leiarteamet i barnehagen.


Planlegga, gjennomføra og evaluera, ut frå overordna planar i barnehagen


Skapa godt samarbeid og gode relasjonar med heimane til barna.


Vera god rollemodell og delta aktivt i kvardagslivet til barna..




Vi tilbyr

Godt arbeidsmiljø, humor og glede.


Store muligheiter for aktivt friluftsliv i kvardagen.


Dagleg nærkontakt med ulike dyr på garden.


Muligheit for å utvikla deg gjennom deltaking i ulike utviklingsarbeid i barnehagen.


Muligheit for å påverka gjennom aktiv deltaking i leiarteamet.


Muligheit for å ta vidareutdanning innanfor barnehagefeltet.

Sektor
Privat
Sted
Vevlevegen 213, 5281 Valestrandsfossen
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
360469430
Sist endret
08. juli 2024 04:22