Avsnittsleiar - Operativ saksanalyse

Arbeidsgiver
FEE-Seksjon for etterretning, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Avsnittsleiar
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterretning, Avsnitt for operativ saksanalyse er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent (stillingskode 0287) med funksjon som avsnittsleiar. Stillinga er stadsplassert i Bergen.

Seksjonen er samansett av to avsnitt; avsnitt for operativ saksanalyse og avsnitt for strategisk etterretning. Avsnitt for operativ saksanalyse bidrar med innhenting, bearbeiding og analyse av informasjon i dei alvorlegaste og mest komplekse straffesakene i distriktet. Avsnittet og avsnittsleiar spelar og ei viktig rolle ved kriser og ekstraordinære hendingar.

Vi søkjer deg som er motivert, løysingsorientert og ein god lagspelar til å leie medarbeidarar ved eit svært spennande avsnitt under utvikling.

Ein tek atterhald om at det kan skje endring med tanke på omstilling.



Arbeidsoppgåver

  • Leia og utvikle medarbeidarane ved avsnittet i tråd med gjeldane føringar
  • Som leiar av avsnittet skal du utøve dagleg leiing. Du skal rettleia og følgja opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som gjør at dei løysar oppgåvene ved seksjonen/avsnittet på ein god måte
  • Personal-, resultat- og HMS-ansvar for avsnittet
  • Sørgje for god ressursutnytting og riktige prioriteringar
  • Sørgje for effektiv og tydeleg kommunikasjon og samarbeid internt og med andre samarbeidspartnarar
  • Halde seg oppdatert på den faglege utviklinga innan etterforsking generelt og operativ kriminalanalyse spesielt
  • Leie avsnittets arbeid i enkeltsaker ved behov
  • Aktiv deltaking i seksjonen si leiargruppe. Følgje opp og setje i verk leiargruppa sine avgjerder
  • Saman med seksjonsleiar leie, koordinere og vidareutvikle seksjonen i tråd med definerte strategiar, planar og mål for Vest politidistrikt
  • Vere pådrivar for utvikling av godt medarbeiderskap og kultur i tråd med politiets medarbeiderplattform
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig

  • Vitnemål fra Politihøgskulen/Politiskole
  • Brei politifagleg erfaring
  • Kunnskap om HMS
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • Erfaring frå etterforsking og god forståing av etterforskningsprosessen
  • God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41 Den som ansettes må kunne sikkerhetsklareres for HEMMELEG

Ønskeleg

  • Utdanning innan organisasjon og leiing helst på høgskule/universitetsnivå og/eller leiarerfaring blir vektlagt
  • Kunnskap om operativ kriminalanalyse
  • Kunnskap om personal- og økonomistyring
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk

Personlege eigenskapar

  • Mål og resultatorientert med evne til å handle i eit strategisk og helhetlig perspektiv
  • Gode leiareigenskapar, med evne til å vise god personalomsorg og motivere, støtte og utvikle medarbeidarane
  • Evne til å skape gode relasjonar, kommunisere godt og samhandle både internt og eksternt
  • God beslutnings- og gjennomføringsevne
  • Sette retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling og kompetanseheving
  • Samfunnsorientert og med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (stillingskode 0287), frå ltr 77/kr 796.600,- til ltr 79/ kr 845.900,- brutto per år
  • Et solid fagmiljø med gode utviklingsmuligheter i et arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksn.nr: 24/154857

Kontaktinformasjon

Marthe Gaugstad Birkeland, Seksjonsleiar, 47780353

Spørsmål om CV og søknad, Kontakt Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4832249345

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
360526423
Sist endret
09. juli 2024 11:04