Avsnittsleiar kriminalteknikk

Arbeidsgiver
FEE-S for krimtek og digitalt politiarb, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Avsnittsleder Kriminalteknikk - Politioverbetjent
Frist
26.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Avsnitt for kriminalteknikk, er det for tida ledig fast stilling som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar. Stillinga er stadsplassert i Bergen.

Avsnittet forvaltar fagansvaret for kriminalteknikk i Vest politidistrikt. Avsnittet har 16 tilsette i Bergen og Førde. Frå hausten 2024 vil avsnittet også få ei fast hospitantordning. Avsnittet er framoverlent og er prega av ein fagleg høg standard med fokus på utvikling. Tilsette deltek i ulike prosjekt som fremjar innovasjon og utvikling innan det kriminaltekniske fagfeltet både nasjonalt og internasjonalt.

Det må påreknast noko reiseverksemd i distriktet då avsnittet har distriktsovergripande ansvar for kriminalteknikk. Avsnittet har beredskapsvakt utanom kontortid med åstadskoordinator og åstadsgranskar.

Vi søkjer ein leiar som er pådrivar for utvikling av det kriminaltekniske faget og bidreg til innovasjon. Det er ønskjeleg at vedkommande kan inngå i turnustenesta ved avsnittet ved behov.

Ein tek atterhald om at det kan skje endring med tanke på omstilling.



Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle medarbeiderane ved avsnittet i tråd med gjeldane føringer, samt delta i seksjonens leiargruppe
  • Drive fram utvikling, innovasjon og kompetansehevning
  • Personal og resultatansvar ved eige avsnitt
  • Vurdere og prioritere saker innan avsnittets ansvarsområde
  • Planlegge og gjennomføre etterforskning innan fagområdet
  • Planlegge og leie den daglege tenesta
  • HMS ansvar ved avsnittet
  • Ved behov bistå i etterforskninga og delta i beredskapsordninga ved avsnittet
  • Andre oppgaver pålagt av overordnet

Kvalifikasjonar

Nødvendig

  • Vitnemål frå Politiskolen/Politihøgskolen
  • Erfaring innan kriminaltekniske gjeremål
  • Brei politifagleg erfaring, helst også innan etterforskingsleiing
  • Kunne ta del i den politioperative tenesta ved avsnittet
  • Kunnskap om HMS
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
  • God munnleg og skriftleg framføring
  • Beherske både norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41 Den som ansettes må kunne sikkerhetsklareres for HEMMELEG

Ønskeleg

  • Utdanning innan organisasjon og leiing helst på høgskule/universitetsnivå og/eller leiarerfaring blir vektlagt
  • Kunnskap om personal- og økonomistyring er ein fordel
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk er ein fordel
  • Erfaring frå endrings- og utviklingsprosessar er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Evne til å handle i eit strategisk og helhetlig perspektiv
  • Sette retning, drive endring og bidra til god virksomhetsutvikling
  • Gode leiaregenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere, støtte og utvikle medarbeidarane
  • Evne til å skape gode relasjonar, kommunisere godt og samhandle både internt og eksternt
  • Samfunnsorientert og med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag
  • Resultat- og løysingsorientert med god beslutnings- og gjennomføringsevne

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-ipolitiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (stillingskode 0287), frå ltr 77/kr 796.600,- til ltr 79/ kr 845.900,- brutto per år
  • Et solid fagmiljø med gode utviklingsmuligheter i et arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling. Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr.: 24/154863

Kontaktinformasjon

Odd Arve Solvåg, Seksjonsleiar, 57758835

Spørsmål om CV og søknad, Kontakt Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4823575735

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Sikkerhet
FINN-kode
360526632
Sist endret
09. juli 2024 11:27