Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar

Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

  • Barne- og ungdomsklinikken, Nyføddintensiv, Barnekirurgisk avdeling/Ortopedisk barnepoliklinikk
  • Kirurgisk serviceklinikk (KSK),Thorax intensiv- og oppvakningsseksjon (TIO)
  • Hovud/hals og augeavdelinga
  • Rehabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering post 1 og post 2
  • Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling post 1, Urologisk avdeling post 2

Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.

Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.



Arbeidsoppgåver

Nyføddintensiv har ledig fast 100% stilling, pt. i tredelt turnus. Nyføddintensiv har 16 senger, både intermediærsenger og intensivsenger.
Nytt bygg som ivaretar alle pasientar under 18 år, samt mor/barn i samband med fødsel. Dette gir nye moglegheiter og spennande utfordringar for framtida. Arbeidstid med 3 delt turnus med tredje kvar helg. Tiltredelse i modten av august/begynnelsen av september eller etter nærare avtale
Kontakt: Anne-Siri Fonneland, Tlf 55975218/91174229.

Barnekirurgisk avdeling/Ortopedisk barnepoliklinikk har ledig stilling der 80 % er på Barnekirurgisk sengepost med tredelt turnus og arbeid hver 3. helg, og 20 % av stillingen er på Ortopedisk Barnepoliklinikk med dagvakt hver mandag.
Barnekirurgen er ein sengepost i Barne- og Ungdomsklinikken som har pasientar frå dei fleste fagfelt innan kirurgi. Vi ivaretar gastrokirugiske, urologiske, ortopediske, ØNH, kjevekirurgiske, plastikk-kirurgiske, Auge- og sarkom-pasientar, så du må like variasjon og være fagleg interessert. Vi har 15 senger på posten der vi ivaretar alt frå planlagde rutineoperasjoner, til akutte skader. Hos oss skal du ta imot, overvake, observere og gje pleie til barn og ungdom i alderen 0-18år. I tillegg skal du tilretteleie, gi støtte og omsorg til deira pårørende. Det er ønskeleg med erfaring som sjukepleier frå klinisk arbeid innan våre fagområde. Erfaring med barn er ønskelig, men ikke nødvendig.
Ortopedisk barnepoliklinikk er ein aktiv poliklinikk som behandler både elektive og øyeblikkelig-hjelp-pasienter. Utgreeing, behandling og kontroll av pasienter blir utført i samarbeid med andre yrkesgrupper. Poliklinikken holder til i Nye Glasblokkene. Kontakt: Anette Tysnes Aarvik, Seksjonsleiar på Barnekirurgen Tlf: 97717722/Sindre Arnestad, Ass. seksjonsleiar på Barnekirurgen Tlf: 41701525.

Thorax intensiv- og oppvakningsseksjon (TIO) ivaretar nyopererte hjarte- og lungepasientar. Vi behandlar også kirurgiske og medisinske thoraxpasientar som treng avansert intensivbehandling, og har regionsfunksjon for behandling med VA-ECMO. Dette gir deg ein unik moglegheit til å dyktiggjerast i overvakingskompetanse til den postoperative pasient og intensivpasienten. Vi samarbeider også med intensiv- og postoperativ seksjon og hjelper kvarandre på tvers av avdelingar. Arbeidsoppgåvene består mellom anna i overvaking, sjukepleie og intensivbehandling til nyopererte hjarte, lunge, og karkirurgiske pasientar. Det er ønske om 2 års relevant arbeidserfaring frå overvakingsavdeling eller hjarteavdeling. Du vil få god opplæring og oppfølging. Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med oss.
Kontakt: Marianne K. Årvoll, Tlf. 97772254 eller Laila Hauge, Tlf. 92254846

Kvalifikasjonar (overskrift)

Hovud/hals og auge avdelinga er ein kirurgisk sengepost og høyrer til Klinikk for hovud/hals. Posten har inneliggande pasientar med mange varierte diagnosar i auge, kjeve og øyre-nase-hals. Posten har 27 senger og pasientar over 18 år. Klinikken har regionalt behandlingsansvar for kreft i hovud-hals i samarbeid med Kreftavdelinga.
Kontakt: Kjersti Walde, Tlf. 55973509/ 98423714

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) post 1 og 2. ReHabiliteringsklinikken er en av klinikkene i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærheten til Lagunen Storsenter. Her utgreier og behandlar vi menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengeposter med totalt 33 døgnplassar. Dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Vi har regional funksjon for traumatisk hovudskade-rehabilitering og nasjonal funksjon for brannskade-rehabilitering. Som sjukepleiar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper.
Vi ønskjar oss medarbeidarar som trivast med å arbeide tverrfagleg, har gode samarbeidsevnar og kan arbeide målretta og strukturert. Du må i tillegg ha god fagleg vurderingsevne, være løysingsorientert og meistre høgt tempo. Vi tilbyr eit miljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Sengepostane har eit triveleg, engasjert og aktivt miljø. Hos oss får du introduksjon og oppfølging av erfaren kollega og en trinnvis oppbygging av kompetanse.
Vi har ledig to 100% fast sjukepleiar stillingar i to-delt turnus. Kontakt: Post 1: Lisbeth Sparre, Seksjonsleiar, Tlf nr 55918484. Post 2: Anja Margrethe Jordal, Seksjonsleiar, Tlf: 55918425.

Gastrokirurgisk avdeling post 1 har ledige stillingar med tiltredelse 01.09.2024. Arbeidstid i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Svært lærerike postar med godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid.
Kontakt: May-Britt Sudmann, Tlf 90784700/Anette Haatuft Haugland, Tlf 55973408.

Urologisk avdeling post 2 er ein sengepost med pasientar frå både urologi og endokrin-kirurgiske fagfelt. Våre pasientar er hovedsakleg kreftpasientar. Vi behandlar også benigne diagnosar som trengjer kirurgisk behandling i tillegg til akutte innleggingar. Hos oss vil du jobbe i eit godt arbeidsmiljø med pre- og postoperative forløp. Smertelindring, palliasjon og heilskapleg sykepleie er også ein stor del av vår kvardag. Med to fagfelt er det mye spennende å lære hos oss, så vi skal gi deg god opplæring.
Kontakt: Hanne Merethe Landro Tlf: 55970061/92089966/Jorunn Bjørnsdottir Tlf: 55970011

Du må:

  • Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
  • Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa

Vi tilbyr deg:

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson oppgitt for , den enkelte stillinga

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4837254497

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
360538478
Sist endret
10. juli 2024 01:24