Signalmontør

Arbeidsgiver
Bane NOR SF
Frist
18.08.2024

Beskrivelse

I Bane Nor har me eitt felles mål – å setja spor me er stolte av, som kan driva samfunnet framover. Derfor jobbar me målretta med berekraft, modernisering og knutepunkt. Hos oss får du engasjerte og nytenkjande kollegaer med ei sterk tru på at oppdraget vårt er viktig – og stadig blir viktigare. No treng me ein signalmontør som vil bidra til å modernisera Noreg saman med oss og samarbeidspartnarane våre.
Som signalmontør hos Bane Nor, får du vera med å spela ei vesentleg rolle for at toga skal gå. Du inngår i teamet som rykkjer ut og ordnar opp, når feil oppstår. Du vil bli godt kjende med anlegget igjennom drift og vedlikehald, og du vil få høvet til å samarbeida med andre fagområde. Stillinga gir gode moglegheiter for eigenutvikling.
Hos oss får du

Vi er ein organisasjon i vekst. Viktigheita av oppgåvene våre vil prega arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk som brenn for det dei jobbar med. Me set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggjande moglegheiter for våre tilsette. Du får arbeidsforhold for tida me lever i - du vil bli inkludert i eit sosialt miljø med m.a bedriftsidrettslag, sosiale og faglege arrangement. Blant tilsettgoda finn du svært gode pensjons- og forsikringsordningar, og sjølvsagd personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og VY toga sine. Me har også:
  • Turnusarbeid der du kjem heim kvar dag
  • Gode utsikter for fagleg utvikling
  • Permisjonsordninger som møter behovet ditt
  • God seniorpolitikk


Vi er også oppteken av work-life-balance - for me trur at du fungerer betre på jobb om du fungerer godt privat.
Dette kjem du til å gjera

Som Signalmontør hos oss vil du jobba med drift og vedlikehald av signalanlegg. I dette ligg det:
  • Drift og vedlikehaldsoppgåver
  • Feilretting på signalanlegget
  • Forebyggende vedlikehald
  • Tverrfaglig samarbeid på jernbaneinfrastrukturen
  • Mulighet for å inngå i vaktordning

Dette trur me du treng for å lykkast og trivast

Vi søkjar ein signalmontør med bakgrunn som elektrikar eller svakstraummontør, som er fleksibel, løysingsorientar og villig til å strekkja seg for å nå sine og våre mål. Det blir sett krav til:
  • Fagbrev som lavspentmontør eller svakstraummontør
  • God risikoforståing og kjennskap til HMS
  • Kunne bruka IKT som verktøy
  • Førerkort klasse B
  • Tilfredsstillende norskspråklege kunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Du er villig til å ta utdanninga som hovudtryggingsvakt.
  • Oppfyller krav til yrkespsykologisk test og helsegodkjenning


Vi vektlegg også personlege eigenskapar. Me håpar derfor du kan kjenna deg igjen i:
  • Liker å kommunisera tydeleg og godt
  • Arbeider nøyaktig, sikkert og systematisk
  • Har god tryggleiks- og risikoforståing
  • Er løysingsorientert og har evne til å tenkja heilskapleg
  • Har forståing for nytta av tverrfaglegheit, og liker å samarbeida med andre faggrupper

Kjekt å vite

Å søkja jobb i Bane Nor skal vera lett. Du treng derfor ikkje å skriva eit søknadsbrev - ein godt utfylt CV på norsk og svara dine på nokre få spørsmål i søknadsprosessen, er det me ønskjer frå deg.
Ser du noko du ikkje kan? Ta det heilt med ro – me skal sikra at du får ei god opplæring! Me oppmodar deg til å søkja stillinga om ho er interessant, og om du har lyst til å læra noko nytt.
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Det er viktig for oss at medarbeidarane våre identifiserer seg med våre verdiar som er open, respektfull, engasjerte og nytenkjande. Kva betyr desse verdiane for deg?
Bane Nor samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vil du setja spor, håpar me du tek kontakt med oss
Sektor
Offentlig
Sted
3570 Ål
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Ledelse, Prosjektledelse
FINN-kode
360539372
Sist endret
09. juli 2024 12:24