Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar ved Psykisk helsevern, Psykiatrisk klinikk og Klinikk for sikkerheitspsykia

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar innan Psykisk helsevern
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Psykisk helsevern.

Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester.

Oppgi i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Stillingane har pt. 2 delt turnus (dag og kveld) og kvar 3 eller 4 helg. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa.

Psykiatrisk klinikk har ledig følgande faste stillingar:

* Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS)
* Avdeling akutt psykose, Seksjon S4
* Tidleg psykose Sandviken
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM1

Klinikk for sikkerheitspsykiatri har ledig følgande faste stillingar:

* Regional sikkerheitspost (RS)

Kronstad DPS har ledig følgande fast stilling:

* Kronstad psykose døgnbehandling har ledig ein 100 % stilling der 60 % er på Kronstad DPS og 40 % i Bemanningssenteret.

* Kronstad allmenn døgn


For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa, oppfordrast menn om å søke.



Arbeidsoppgåver

Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) er ein seksjon for rehabilitering av personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. Den nye seksjonen har p.t. 8 døgnplassar og er organisert i to grupper. Den eine gruppa skal gi tilbod til personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklings-forstyrring, den andre gruppa psykoseliding med kompliserande tilstandar. Seksjonen skal drive rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med innsøkande instansar og dei kommunale tenestene.
Turnus er p.t. todelt, med arbeid kvar 3. helg. Men vi er for tida i prosess med å etablere eit pilotprosjekt kor det, frå mars-25, vil vere moglegheit for å ønske seg anten turnus slik den er i dag, langvakter 12,5 t. laurdag/søndag kvar 4. helg med todelt turnus utanom, eller kun langvakter 12,5 t. i heile turnusen med arbeid kvar 4. helg
Kontakt: Susanne Karlsen, Tlf. 55958630

Akutt psykose S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55958745

Tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein lukka seksjon med 15 døgnplassar for nysjuke psykotiske pasientar mellom 15 og 30 år, og er ein del av Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP). Seksjonen er delt inn i to adskilte team der 7 plassar er reservert for pasientar med samtidig psykose og rusliding. Pasientane kan vere innlagd frivillig eller på tvang. Vi gjennomfører tverrfagleg utgreiing, stabilisering, rus- og psykosebehandling der mellom anna psykiater, psykologspesialist, sosionom, fysioterapeut, treningsterapeut, og miljøterapeut deltar. Vidare har vi tilbod om kunnskapsbasert familiesamarbeid. Vi er særleg opptatt av den fysiske helsa til pasientane og bruker fysisk aktivitet og trening som eit viktig element i behandlinga. Seksjonen har tilgang til gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk.
Det blir lagt vekt på behandling som i størst mogleg grad bygger på frivillegheit og brukarmedverknad, og minst mogleg bruk av tvang. Behandlinga er tilpassa kvar enkelt pasient, og vi sikrer oppfølging av anna instans etter utskriving.
Kontakt: Kjersti Valestrand Bjørnstad, Tlf. 95725124

Kvalifikasjonar (overskrift)

Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. PAM sin oppgåve er mottak, kartlegging og behandling av menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.
Kontakt PAM1: Gunn Andersen, Tlf. 55956412

Regional sikkerheitspost (RS) sine sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionom arbeidar saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar/ vernepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve her vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384

Kronstad psykose døgnbehandling gir tilbod om målretta opphald for pasientar med psykoselidingar. Vi tar imot pasientar både frå Sandviken sjukehus, eigne poliklinikkar og frå fastlegar. Vi har 12 sengeplassar. Her jobbar vi for betring der eigenaktivitet, brukarmedverknad og meistring står i fokus. Vi legg til rette for eit miljø som engasjerer og aktiviserer den einskilde. Posten tilbyr m.a. Miljøterapi med fokus på psykoedukasjon og kognitiv tilnærming, tilrettelagt fysisk og sosial aktivitet, terapeutiske samtalar og medikamentell behandling.
Kontakt: Hilde Steinli, Tlf. 55956301

Bemaninngssenteret har ein stor gruppe med helsepersonell tilsett. Våre tilsette jobbar ved ulike avdelingar på sjukehuset. Vi har årsturnus. Som tilsett har du stor påvikrningskraft og vi strekk oss langt for å tilrettelegge for deg. Som ny hos oss blir du først tilknytta tre avdelingar. Du får opplæring ved avdelngane, og når du føler deg trygg kan du utvide med fleire avdelingar du jobbar hos. Dette gjer vi i samarbeid mellom deg som tilsett og leiar ved avdelingane. Hos oss får du ein unik mogleheit til å bli kjend på mange av dei ulike avdelingane og fagene på sjukehuset. Vi tilbyr også fagdagar for vår tilsette. Kontakt: Karina Vorland Løvstad e-post: karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no/Linda Greve Iversen, e-post: linda.greve.iversen@helse-bergen.no

Kronstad Allmenn døgn ligg på Danmarksplass og er ein open allmennpsykiatrisk seksjon med 20 døgnplassar for alle typar psykiske lidingar.
Pasientane våre har stor variasjon i funksjon og diagnose, ofte samansatte problemstillingar. Vi har kort behandlingstid, ca 2 veker i snitt.
Vi har ledig 2 faste 100 % stillingar som sjukepleiar eller vernepleiar. For tida er stillinga i todelt turnus med arbeid 13 helger i året. (Ca. kvar 4. helg). Vi ser etter deg som er engasjert i faget og god miljøterapi, likar å undervise, trivst i eit aktivt og travelt miljø, er ansvarsbevisst og sjølvstendig, likar tverrfagleg samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Du bør ha førekort på bil. Ei samansatt pasientgruppe bør møte ei personalgruppe som og har stor spreiing i kjønn og alder, difor oppmodar vi særleg menn til å søke. Vi tilbyr eit trygt, godt og triveleg arbeidsmiljø med svært erfarne kollegar og høgt fagleg nivå. Vi har rettleiing i grupper med erfaren psykologspesialist kvar månad. Hos oss får du ein svært variert arbeidsdag med mange spanande utfordringar. Kontakt: Thomas Dale, Tlf. 55956000

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar

  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar etter endt utdanning
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Du må vere tolmodig, fleksibel og utholdande
  • Må meiste norsk skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson oppgitt for, den enkelte stillinga

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4833417502

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
360541679
Sist endret
12. juli 2024 07:33