Faste stillingar som helsefagarbeidar ved somatiske einingar 

Arbeidsgiver
Personal- og organisasjonsavdelingen / Bemanningssenteret / Helsepersonell, Hels
Stillingstittel
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.

Det er ledig stilling ved desse avdelingane:

  • ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) post 2

For denne stillinga er det krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga.

Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.



    Arbeidsoppgåver

    Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærheten til Lagunen Storsenter. Vi har ledig ein 100% fast helsefagarbeidarstilling i to-delt turnus.
    I ReHabiliteringsklinikken utgreier og behandlar vi menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. På Nordås er det 33 døgnplassar, og dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Som sjukepleiar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper.
    Vi ønskjar oss medarbeidare som trivast med å arbeide tverrfagleg, har gode samarbeidsevnar og kan arbeide målretta og strukturert. Du må i tillegg ha god fagleg vurderingsevne, være løysingsorientert og meistre høgt tempo.
    Vi tilbyr eit miljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Sengepostane har eit triveleg, engasjert og aktivt miljø. Hos oss får du introduksjon og oppfølging av erfaren kollega og en trinnvis oppbygging av kompetanse.

    Kontakt: Anja Margrethe Jordal, Seksjonsleiar, Tlf: 55918425.

    Vi søkar deg som:

    • Har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
    • Meistrer norsk skriftleg og munnleg
    • Har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
    • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
    • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
    • Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

    Vi tilbyr

    • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
    • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gje pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga

    Kontaktinformasjon

    Sjå kontaktperson oppgitt for, den enkelte stillinga

    Arbeidsstad

    Nordåsgrenda 4

    5235 Rådal

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen



    Referansenr.: 4837530575

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 04.08.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
    FINN-kode
    360545558
    Sist endret
    09. juli 2024 01:26