Klinikkleiar
- Arbeidsgiver
- Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As
- Stillingstittel
- Klinikksjef
- Frist
- 04.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søker ein person som har erfaring med helseleiing og interesse for å jobbe i eit tverrfagleg miljø med fokus på ressurstenking.
Klinikkleiar er leiar for helseavdelinga og inngår i leiargruppa ved senteret.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som er engasjert og flink til å motivere andre. Du bør ha høgare utdanning, medisinsk eller helsefagleg kompetanse er relevant. Gjerne også kompetanse innan leiing eller erfaring med tverrfaglege team.
Du må vere løysingsorientert og opptatt av å få til gode samarbeid på tvers i organisasjonen.
Arbeidsoppgaver
Som klinikkleiar vil du ha ei sentral rolle i å vere med på å vidareutvikle tilboda ved senteret. Du vil ha ansvar for helseavdelinga og vere med å bidra til tverrfagleg samarbeid på tvers av team og avdelingar. Klinikkleiar skal arbeide med kontinuerleg kvalitetsforbetring og drive prosessar rundt fagutvikling.
Vi tilbyr
Hjå oss får du ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Du vil vere tett på eit spanande fagmiljø og og inngå i samarbeid med andre relevante fagmiljø.
Senteret har flotte treningsfasilitetar og ligg like ved fjord og fjell. Så her er gode moglegheiter for aktivitet og trening både inne og ute.
- Sektor
- Privat
- Sted
- Hauglandsvegen 308, 6968 Flekke
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Helsepersonell
- FINN-kode
- 360547216
- Sist endret
- 09. juli 2024 09:24