Inaktiv

Ynskjer du fast stilling på Udlabu? SJå her!

Arbeidsgiver
Voss herad Udlabu
Stillingstittel
2 faste 100 % stillingar
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga:

Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. Udlabu har 20 einingar som har tilgang til fellesareal. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som bufellesskap for personar med nedsett funksjonsevne. Eininga har ca. 27 årsverk.

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå bebuar i dagleglivets gjeremål
  • Medikamenthandtering
  • Skapa tryggleik og struktur
  • Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell, med fokus på brukardeltaking, aktivitet og hjelp til sjølvhjelp.
  • Arbeidsoppgåvene varierer frå stell og pleie, huslege gjeremål, trening/motiveringsarbeid, oppfylging av helse, samarbeid med andre etatar og pårørande.
  • Alle som mottek tenester har tiltaksplanar og dokumentasjon skal gjerast i fagprogrammet Gerica.
  • Du må kunna nytta dataverktøy og vil få opplæring

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning
  • Vernepleiar eller anna relevant utdanning
  • Førarkort klasse B

Me søkjer deg som:

  • Arbeider systematisk og målretta
  • Har gode fagleg kunnskapar og kjennskap til relevant lovverk
  • Har tverrfagleg kompetanse
  • Har relasjons- og rettleiingskompetanse

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Hardangervegen 51, 5705 Voss
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
360574171
Sist endret
09. juli 2024 02:14