Lærarvikariat

Arbeidsgiver
Florø barneskole
Stillingstittel
Lærarvikariat
Frist
22.07.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Florø barneskole er ein stor skole med mange muligheiter, og stort mangfald. Vi er flinke til å halde på det som er bra, men likar og å tenke nytt. Kollegiet er stort og kreativt, med folk i alle aldre. Har ei god fordeling av erfarne og nyutdanna, menn og kvinner.


Vi søker deg som:
-set elevane i fokus
-vil legge vekt på å sjå elevane sine behov
-vil samarbeide med andre pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeutar for å skape kvalitet i tilbodet til elevane.
-er opptatt av å skape eit godt læringsmiljø
-legg stor vekt på eit inkluderande miljø der alle kjenner seg trygg og trivast
-som vil delta i å profesjonalisere det pedagogiske arbeidet gjennom deltaking i kompetanseheving
-er kreativ, men strukturert
-kan jobbe tverrfagleg og variert
-er sjølvstendig og engasjert

Florø barneskole treng pedagogar som vil vere kontaktlærar. Vi har og behov for personale som vil jobbe med andrespråkspedagogikk.
Ved å jobbe på Florø barneskole blir du ein del av eit fagleg sterkt, og hyggeleg arbeidsmiljø, som alltid ser etter dei beste løysingane saman. Vi er eit fagteam der pedagogar, fagarbeidarar, miljøterapeutar og leiarar søker etter dei beste verktøya for å gjere skolekvardagen best mogleg for elevane. Vi liker å jobbe smart og nyttar ulike digitale hjelpemiddel og system. Florø barneskole legg vekt på gode planar, struktur og mål om å få eit best mogleg samarbeid mellom heim og skole.



Arbeidsoppgåver

Undervisning/spesialundervisning på 1.-7. steg

Kvalifikasjonar

Høgskoleutdanning; grunnskolelærar 1.-10.klasse/1.-7.

Personlege eigenskapar

Vi treng deg som er god på klasseleiing, har det som skal til for å bygge relasjonar og skape godt samarbeid med elevar, føresette og kollegaer.

Vi er ute etter deg som likar å jobbe strukturert og er oppteken av kvalitet.

Det er viktig at du er robust og klarer å stå i ein jobb som krev det beste av dei beste.

Vi tilbyr

Spennande jobb med dei aller viktigaste samfunnsoppdraga.
Tilhøyrsle til eit godt fag- og utviklingsmiljø ved skolen og som del av Kinn kommune.
Ordna arbeidsforhold.

Kontaktinformasjon

Wenche Iren Brandsøy, Rektor Florø barneskole, +47 90771878

Arbeidsstad

Hans Blomgate 42

6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4836649494

Stillingsprosent: 75, 100%

Engasjement, Vikar

Startdato: 12.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 22.07.2024


Antall stillinger
2
Sted
Hans Blomgate 42, 6905 Florø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
360641360
Sist endret
10. juli 2024 06:04