Byggjeleiar Vik helse- og omsorgssenter
- Arbeidsgiver
- Vik Kommune Sentraladministrasjon
- Stillingstittel
- Byggeleder
- Frist
- 15.08.2024
- Ansettelsesform
- Engasjement
Beskrivelse
Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.
Me har ledig
100 % engasjement som byggjeleiar for byggjeprosjektet Vik helse- og omsorgssenter fram til og med 30.6.2026. Stillinga er plassert i kommunedirektøren sin stab. Vik helse- og omsorgssenter er Vik kommune sitt største byggeprosjekt nokon gong, og skal etter planen vera ferdig våren 2026. Vik kommune ønskjer no å forsterke oppfølginga av prosjektet med byggjeleiar.
Arbeidsoppgåver
Arbeide saman med prosjektleiar med dagleg oppfølging av prosjektet.
Delta i oppfølging av kontraktane med hovudentreprenøren og sideentreprenørane.
Dialog med, og oppfølging av dei tekniske rådgivarane i prosjektet.
Kvalifikasjonskrav
Relevant utdanning frå teknisk fagskule, høgskule eller universitet.
God kjennskap til og erfaring med kontraktar som byggjer på NS 8405.
God kjennskap til og erfaring med NS 3420.
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Evne til å arbeida sjølvstendig og systematisk.
Gode datakunnskapar og systemforståing.
Positiv, handlekraftig og engasjert.
Ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr
Godt arbeidsmiljø.
Fleksibel arbeidstid.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår etter kommunalt avtaleverk. Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal stå på offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Me gjer merksam på at opplysningane kan bli offentleggjort sjølv om du ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Me vil i tilfelle varsla deg på førehand. Jamfør offentleglova §25.
Søknadsfrist og søknadsprosedyre
Søknadsfristen er 15.8.2024. Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør, Prosjektledelse, Ledelse
- FINN-kode
- 360649570
- Sist endret
- 10. juli 2024 06:52