Ønskjer du ein meiningsfull deltidsjobb? Me har ledig stilling som  personleg assistent (BPA)

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Ønskjer du ein meiningsfull deltidsjobb? Kvinne søker personleg assistent (BPA).
Frist
24.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tysnes kommune har ledig stilling som brukarstyrt personleg assistent i fast 56,6 % stilling.

Som brukarstyrt personleg assistent bidreg du til gode og meiningsfulle dagar. Oppgåva di er å yta praktisk hjelp etter instruks, slik at arbeidsleiar kan leva sitt liv på den måten ho ønskjer og har behov for.

Arbeidsleiar er ei eldre kvinne som bur sentralt, i eiga leilegheit. Ho er ressurssterk, men nedsett funksjonsevne gjer at det er behov for hjelp
og bistand i og utanfor heimen, for å hennar behov i kvardagen. Ho nyttar rullestol, men er for det meste sjølvhjelpt i forflytning. Behov
for hjelp til bilkøyring.

Ho er opptatt av planter/blomar, og å ha det fint rundt seg. Musikk betyr ekstra mykje for ho. Ho liker å sjå litt på TV og bruker datamaskin.

Arbeidstida er i hovudsak på dagtid. Ved ønskje om å delta på sosiale tilstellingar, er det, etter nærare avtale, moglegheit for noko arbeid
kveld, evt. helg.

Me ser etter deg som er positiv, initiativrik og sjølvstendig. Arbeidsleiar er opptatt av tryggheit og stabilitet, og håper å finne ein assistent som ønskjer å stå i stillinga over tid. Personleg eignaheit og kjemi blir vektlagt.

Tenesta ligg til eining for open omsorg, og du blir tilsett i Tysnes kommune og får leiar i open omsorg. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju fortløpande.

Ønskjer du høgare stilling?

For person med rett kompetanse, kan det være aktuelt å auke opp stillinga med arbeidsoppgåver ved andre arbeidsplassar innan helse. I tilfelle vil det inkludere turnus og arbeid kvar tredje helg.



Kva går stillinga ut på?

  • Bidra til eit sjølvstendig liv.
  • Husarbeid, matlaging og anna praktisk hjelp i heim og hage.
  • Vere med i butikken å handle (mat, kler, sko)
  • Køyre bil til ulike avtalar.
  • Hjelpe med løfting og bæring.
  • Pustetekniske hjelpemidler.
  • Vask og vedlikehold av, samt passe på at det blir tatt service på ulike tekniske hjelpemidler.
  • Av-/påkledning.

Kva kompetanse er viktig i rolla?

  • Gode norskkunnskapar.
  • Må ha førarkort klasse B.
  • Gode samarbeidsevne.
  • Evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og ha struktur.

Kva ser me etter hos deg?

  • Positiv.
  • Stabil, påliteleg og ansvarsfull.
  • Fleksibel og sjølvgåande.
  • God evne til å kommunisera og samarbeide.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me tilbyr

  • Fast 56,6% stilling.
  • Ein meiningsfylt jobb.
  • Opplæring.
  • Løn etter regulativ.
  • God pensjonsordning gjennom KLP.

Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein
har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til
rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Margrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 95 70 95 13

Kristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg, 90 04 15 61

Arbeidsstad



Tysnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tysnes kommune



Referansenr.: 4831455378

Stillingsprosent: 56,6%

Fast

Søknadsfrist: 24.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
360651812
Sist endret
10. juli 2024 07:00