Miljøarbeidar i TTF med kombinasjon av medlever (døgnvakter) og ordinære vakter på helg

Arbeidsgiver
Heimesjukepleia, Fyresdal kommune
Stillingstittel
Miljøarbeidar i TTF med kombinasjon av medlever (døgnvakter) og ordinære vakter på helg
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

TTF er bustadar som ivaretek brukarar med psykisk utviklingshemming av ulik grad. Det er både fastbuande brukarar og avlastningstilbod. Vi ynskjer oss ein miljøarbeidar som ser heilskapen, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, initiativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande og spanande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Vi skal spele kvarandre gode!

Stillinga er eit ledd i å styrke tenesta og vil samarbeide tett med fagansvarleg vernepleiar og andre faggrupper som jobbar i tenesta og på tvers med andre tenester som helse og skule. Stillinga som no blir lyst ut vil jobbe med fleire brukarar.



Arbeidsoppgåver

Oppfylging av brukarar i tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell og spesialisthelseteneste.

Kvalifikasjonar

  • Vi ynskjer søkarar som er gode på relasjonsbygging og som har stor forståing for viktigheita av det i arbeid med brukarar.
  • Erfaring frå og interesse for arbeid med personar som har utviklingshemming og funksjonsnedsetting vil vere ein fordel.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad ved tilsetting.

Personlege eigenskapar

Den vi søker må takle stress og nye utfordringar, vere fleksibel og samarbeidsvillig, og like varierande arbeidsoppgåver. Du må kunne jobbe i team, og kunne stå åleine med hovudansvar. Vi deltek i fagutvikling, forbetrings- og endringsarbeid, kompetanseheving innanfor klinisk vurderingskompetanse og tek i bruk teknologi og digitale løysingar der det kan bidra til å understøtte meistring og medverknad.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor – med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
  • Løn etter avtale.
  • Hjelp til å skaffe bustad.
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen.
  • Barnehage og skule lokalisert i sentrum.

Kontaktinformasjon

Gunn Marit Aslestad, Avdelingsleiar HSPL/TTF, +47 97717105

Arbeidssted

Tøddekroken 2

3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune



Referansenr.: 4837570867

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tøddekroken 2, 3870 Fyresdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
360655964
Sist endret
10. juli 2024 08:32