Hardanger og Voss museum søkjer ny avdelingsleiar for Hardanger fartøyvernsenter / einingsleiar fagutvikling

Arbeidsgiver
Hardanger og Voss museum
Stillingstittel
Avdelingsleiar for Hardanger fartøyvernsenter / einingsleiar fagutvikling
Frist
20.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hardanger fartøyvernsenter søkjer etter avdelingsleiar ved HFS, som òg vil vera einingsleiar for fagutvikling. Vern og restaurering av flytande kulturminne, kunnskapsutvikling og vidareføring av tradisjonshandverk, museumsformidling, er viktige stikkord for stillinga. Vi har i dag eit av dei største fagmiljøa på restaurering av fartøy i Norden. Du vil få stor påverknad ved å jobbe strategisk for å utvikle fartøyvernsenteret og Hardanger og Voss museum videre, saman med dyktige medarbeidarar.

Du vil rapportere til direktør for Hardanger og Voss museum. Arbeidsstad vil vera i Norheimsund. Ein må rekna med noko reiseaktivitet i rolla.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar vil du koordinere og leie aktivitetar ved HFS i lag med tre einingsleiarar. Overordna politikk for museum og kulturmiljøvern legg rammer for verksemda. Samstundes er det avgjerande å vera synleg i det politiske landskapet for å bidra til å påverke retningen til dei felta vi arbeider innafor. Som einingsleiar for fagutvikling ved HFS vil du jobbe tett opp mot fylkeskommunane, Sametinget, Riksantikvaren og eigarar av verna og freda fartøy. Du vil få eit særskilt ansvar for utviklinga av prosjekt i tråd med Forskrift om tilskudd til fagutvikling i fartøyvernet. Eininga har ansvar for HFS sitt dokumentasjonssenter, tidsskriftet “Fartøyvern”, dokumentasjon av restaurerings- og handverksprosessar m.m. Rapportar og artiklar skal halde vitskapleg standard. Me trur du er ein person som evner å lyfte blikket, og som trivst med å jobbe strategisk for å utvikle HFS, HVM og fartøyvernet vidare.

Andre oppgåver vil vera

  • budsjett- og rapporteringsansvar for avdelinga og eininga
  • personalansvar for om lag sju tilsette
  • ansvar for å samarbeide til det beste for heilskapen og felles mål for HVM og HFS
  • bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø, og følgje opp HVM/HFS sine mål når det gjeld HMS og miljøpolitikk
  • samhandle og bygge nettverk med andre liknande organisasjonar

Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper

Me søkjer deg som har kjennskap til vår bransje og interesse for kulturminnevern og museum. Har du hatt liknande leiarstillingar innanfor bransjen tidlegare er det ein fordel, men ikkje noko krav. Det er ønskjeleg at du er god på å skape relasjonar, er imøtekomande, fleksibel og lydhøyr, og at du ønskjer utvikling.

Elles vil det vere ein fordel om du også har

  • relevant høgare utdanning, gjerne mastergrad innan kulturvitskap, historie, relevante tekniske fag e.l.
  • forståing for økonomi og budsjettering
  • kunnskap og interesse for kulturminnevern og museum
  • gode lese- og skriveferdigheiter på norsk og engelsk
  • god kjennskap til kulturvernfeltet og eit relevant nettverk

Som avdelingsleiar for HFS og einingsleiar for fagutvikling vil du ha ei brei kontaktflate og samarbeide tett med kolleger og samarbeidspartnarar. Det er difor viktig at samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter er gode, også på tvers av fagområde.

For HVM og HFS er talent, nysgjerrigheit og lærevilje viktigast. Dersom du har ein spisskompetanse på noko av det me er på jakt etter, og har ambisjonar og eit ønske om å utvikla deg vidare, oppmodar me deg til å visa interesse for stillinga.

Kvifor Hardanger og Voss museum?

  • Me tilbyr ei spennande og viktig stilling i ein kulturinstitusjon med stor tru på framtida.
  • Du vil bli ein del av eit triveleg og uformelt miljø, omgitt av kollegaer med eit sterkt engasjement for arbeidsplassen og vårt oppdrag i samfunnet.
  • Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og mogelgheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna.
  • Museet tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.

Søknadsfrist: 20. august 2024 - me vurderer søknader fortløpande.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevarane

  • Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541
  • Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056

Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i den innleiande fasen (dette gjeld også for interne søkjerar) . Tiltreding etter nærare avtale.

Kontaktinformasjon

Fredrik Deilkås, Rådgiver, 984 72 541, fad@hamnoy.no
Johanna Grindhaug, Research & analyse, 959 33 056, jg@hamnoy.no

Arbeidssted

Sandvenvegen 56A
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Hardanger og Voss museum

Referansenr.: 4837752635
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.08.2024

Sektor
Privat
Sted
Sandvenvegen 56A, 5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Ledelse, Rådgivning, Prosjektledelse
FINN-kode
360658122
Sist endret
10. juli 2024 12:05