ID 2235 Personal- og organisasjonssjef

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Personal- og organisasjonssjef
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stord kommune søkjer etter personal- og organisasjonssjef. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe, og skal vera ein pådrivar i arbeidet med den vidare utviklinga av kommunen under visjonen <>. Stillinga har eit særleg ansvar for organisasjonsutvikling og den overordna arbeidsgjevarpolitikken.


Personal- og organisasjonssjefen representerer sitt ansvarsområde i ulike politiske og administrative møte.


Ansvarsområde



  • Lønn og personal



  • Kompetanseutvikling



  • Helse, miljø og tryggleik (HMT)



  • Kontakt med arbeidstakarorganisasjonane, m.a. årlege lønnsforhandlingar



  • Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og digitalisering



  • Fellestenester på Rådhuset (inkludert politisk sekretariat)



  • Medlem av den kommunale kriseleiinga



  • Stillinga er ansvarleg for 3 leiarar



Me søkjer ein leiar som:



  • Har relevant leiarerfaring



  • Har erfaring og kompetanse frå omstillings- og endringsarbeid



  • Har gode samarbeidsevner og er opptatt av å skapa eit godt arbeidsmiljø



  • Har gjennomføringsevne og er oppteken av resultat



  • Har god rolleforståing og verdset partssamarbeidet



  • Har god digital kompetanse



Kvalifikasjonskrav:



  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet, min. på bachelor-nivå. Mastergrad innan leiing, administrasjon, organisasjon er ein fordel.



  • Har god kunnskap og erfaring om lov- og avtaleverk og HMT



  • God forståing for offentleg administrasjon og politikk vil bli vektlagt



  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk/nynorsk.



Me tilbyr:



  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune i utvikling



  • Positive og dyktige medarbeidarar



  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt, trimrom og utleige av tilhengar mm.



  • Lønn etter avtale



  • Ei av Noregs sikraste pensjonsordningar



Stord kommune står ovanfor store utfordringar for å tilpasse oss framtida. Endringar i ansvarsområdet til Personal og organisasjonssjef kan bli aktuelt.


Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale.


Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
360682338
Sist endret
11. juli 2024 06:43