Seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Gynekologisk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
21.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig 100% vikariat i eit år frå snarast som seksjonsleiar ved Gynekologisk poliklinikk i Ålesund!

Har du lyst til å være en del av et triveleg miljø med stor aktivitet, godt samarbeid og bidra til vidare utvikling av fagfeltet?

Gynekologisk poliklinikk er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barn og habilitering. Vi yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling annan fagfeltet fødselshjelp og kvinnesjukdomar. Vi har eit godt fagleg miljø som er i utvikling, samt eit arbeidsmiljø der pasienten står i fokus.

Stillinga som seksjonsleiar er todelt med ansvar for drift og personale, men i tillegg bidra klinisk når det er behov for det. Vi er ein poliklinikk med stor aktivitet, og ulike typer behandlingar, samtidig som vi jobbar fremtidsretta med å tileigne oss kunnskap som vi kan nytte for å utvikle poliklinikken vidare.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!



Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar
  • Ansvar for drift
  • Budsjettansvar
  • Fagleg ansvar for sjukepleiarar og sekretærar, samt jordmødre som utfører ultralyd i svangerskapet

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning på bachelornivå
  • Leiarutdanning er ønskeleg
  • Har gode evner til kommunikasjon, både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Du er dyktig, strukturert og initiativrik, og som har interesse for alle oppgåver innanfor leiing
  • Du er målbevisst og engasjert
  • Har god kunnskap om og gode evner til omstilling/endring
  • Har evner til å kunne inspirere
  • Leiarerfaring er ein fordel, og personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø med godt humør og ståpå-vilje
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Erfarne kollegaer i avdelinga si leiargruppe som gir anledning til personlig læring og utvikling av leiarrolla
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • En arbeidsplass som er ei inkluderende arbeidslivsbedrift

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Her kan du bli bedre kjent med Ålesund: Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Eli Bente Langva, Avdelingsjef, Eli.Bente.Langva@helse-mr.no

Cathrine Solsletten, Seksjonsleiar, Cathrine.Solsletten@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4837796175

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 21.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Ledelse
FINN-kode
360686731
Sist endret
11. juli 2024 05:28