Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (geriatri)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (geriatri)
Frist
30.08.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (geriatri)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (geriatri) i fem (5) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Haraldsplass diakonale sykehus. Arbeidsstad er ved Haraldsplass diakonale sjukehus.

Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, har relevant undervisnings-erfaring innan geriatri og kan arbeide saman med undervisningsgruppa i geriatri, med utvikling av undervisningsmoduler fysisk og digitalt. I tillegg har personen fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt, fortrinnsvis geriatri, som er relevant for instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til geriatri, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Her inngår også propedeutikkundervisning. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, er utdanna cand.med. og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Det er ei føremon med godkjend spesialisering i geriatri, eller utsikt til fullført spesialisering innan eitt år frå søknadsfrist. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:
  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 720 100 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 72-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV, vitnemål og attestar
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: undervisningsleiar i geriatri Marit Stordal Bakken på e-post: Marit.Bakken@uib.no eller til fungerande undervisningsleiar ved K2 Silje Skrede på e-post: Silje.Skrede@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Sektor
Offentlig
Sted
Ulriksdal 8, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Helsepersonell
FINN-kode
360692475
Sist endret
11. juli 2024 05:40