Inaktiv

Kan du ukrainsk eller russisk?

Arbeidsgiver
Solund kommune Stab
Stillingstittel
Språkassistent i Solund kommune
Frist
04.08.2024

Beskrivelse

Solund kommune ser etter språkressurser til flyktningtenesta. Vi har teke i mot 23 flyktningar frå Ukraina dei siste åra, og har vedteke å ta imot 10 til hausten 2024. I samband med det ynskjer vi å styrke flyktningtenesta med ein fleirspråkleg ressurs. Me søkjer difor etter deg som kan snakka russisk eller ukrainsk, og har tilstrekkelege norskkunnskapar.

Stillinga er 50 % i perioden september 2024 - februar 2025

Arbeidsoppgåver

Flyktningtenesta skal hjelpe og rettleie flyktningar som vert busett i Solund, og er eit viktig kontaktpunkt for den einskilde flyktning. Språkassistenten skal saman med flyktningkoordinatoren og dei andre tenestane i kommunen planlegge og legge til rette for busetjing og bidra til å byggje eit sosialt nettverk for flyktningane.

Kvalifikasjonar

Ukriansk eller russisk, og tilstrekkelege norskkunnskaper.

Det er ein føremon om ein kjenner Solund kommune frå før.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hardbakke 26, 6924 Hardbakke
Stillingsfunksjon
Annet, Konsulent, Kontor og administrasjon
FINN-kode
360692544
Sist endret
11. juli 2024 05:42