Sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Psykisk helse og rus
Frist
19.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kan du tenkja deg å bu i Sogn? Frisk luft blant fjell og fjord. Ynskjer du å jobbe med psykisk helse og rus? Då trur me at dette er jobben for deg.

Om stillinga:

Me har ledig stilling for sjukepleiar eller vernepleiar i psykisk helse og rus oppfølgingsteam. Stillinga er 100% fast. Ein går turnus med langvakter på inntil 12,5t og noko dagvakter. Arbeid kvar 4. helg. Me planlegg no oppstart av årsturnus. Avdelinga er bemanna med dag, kveld og helg. Psykisk helse/rus oppfølgingsteam held til i Sogndal, men yter også tenester andre stader i kommunen.

Me søkjer deg som er engasjert og positiv til utfordringar. Er du sjølvstendig, men jobbar samstundes godt i team? Då kan det vera deg me leitar etter. Me er ei lita kollegagruppe og godt arbeidsmiljø er difor viktig for oss at du er oppteken av. I gruppa søkjer me no ny kollega som tek initiativ til dei ulike arbeidsoppgåvene og som er tolerant og tolmodig i krevjande situasjonar. Målet med tenesta er å sikre at brukar har ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet.

Hjå oss vil du bli ein del av eit arbeidsmiljø prega av høgt engasjement og mykje tverrfagleg kompetanse. Me har fokus på utvikling både gjennom ekstern opplæring, men like viktig internt, i kollegiet og elles i kommunen. Arbeidsoppgåvene hjå oss er varierande og du får delta i ei teneste som alltid er i utvikling.

Arbeidsoppgåvene hjå oss er varierte og inneber blant anna:

  • Ansvar for medikamenthandtering
  • Målretta miljøarbeid ilag med brukar.
  • Praktisk bistand i daglege oppgåver, både i og utanfor heimen.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen og spesialisthelsetenesta
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk. Tiltak, prosedyrer, ADL og IPLOS i Gerica.
  • Rådgjeving og rettleiing i saman med kollegaer, studentar, brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie/vernepleie.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar.
  • Politiattest av nyare dato ved tilsetjing.

Ynskjelege kvalifikasjonar/eigenskapar:

  • Vidareutdanning og/eller erfaring frå rusarbeid.
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.
  • Høg grad av sjølvstende.
  • God evne til samarbeid.
  • Strukturert, fleksibel og løysningsorientert.

Me tilbyr ellers:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn etter tariffavtale

Det er ønskjeleg å ha eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
360702205
Sist endret
11. juli 2024 06:01