Helsefagarbeidar i heimesjukepleia

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidarar i heimetenesta 65 % fast
Frist
05.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I heimetenesta er me med på å sikre gode, heilskaplege og trygge tenester til pasientar og brukarar i deira eigen heim.

I takt med utviklinga i samfunnet aukar kompleksiteten og behov i heimane til innbyggarane våre. Det gir ein unik mogelegheit til å bruke fagkompetanse og tileigne seg god erfaring. Oppgåvene du vert tildelt vert tilpassa erfaring og kompetanse. Me ivareteke basale pleiebehov og utfører prosedyrar. Me følgjer opp pasientane i ein stabil kvardag og me fangar opp akuttsituasjonar og endringar i tilstand.

Hos oss har me eit godt arbeidsmiljø der latteren sit laust og me hjelper kvarandre.

No søkjer me etter ein ny kollega til heimesjukepleia, i fast 65 % stilling. Moglegheit for større stilling (vikariat) etter nærare avtale om dette er ønskjeleg.

Stillinga går i to-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.



Arbeidsoppgåver

  • Utføre dagleg omsorg og pleie til brukarane i samsvar med din kompetanse og etter planlagde tiltak.
  • Følgje opp planlagde tiltak og målsetjingar for den enkelt brukar.
  • Utføre særlege oppgåver, til dømes legemiddelhandtering, etter opplæring og skriftlege prosedyrar.
  • Journalføring og medverke til utarbeiding/endring av pleieplanar.
  • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø.
  • Som heimehjelpar yt du også praktisk bistand, som reinhald og handling.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev helsefagarbeidar.
  • Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er positivt.
  • Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste!
  • Førarkort kl. B.
  • Gode grunnleggjande datakunnskap.
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Dersom kommunen ikkje lukkast å rekruttere helsefagarbeidar, kan ein vurdere å tilsetje assistent under føresetnad av oppstart på kvalifiseringsløp mot fagbrev.

Personlege eigenskapar

  • Positiv, fleksibel og løysingsfokusert.
  • Fagleg engasjert, ansvarleg og har evne til etisk refleksjon.
  • Vere strukturert og god evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Evne til å takle utfordringar og finne gode løysingar.
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med kollegaer.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt.

Me tilbyr

  • Arbeid i to-delt turnus, kvar 3. helg.
  • Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
  • Utfordrande, hektisk og lærerik arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
  • God opplæring og fokus på fagleg kvalitet.
  • Løn etter kommunalt regulativ.
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
  • Ein inkluderande arbeidsplass, med gode rutinar for oppfølging og tilgong til bedriftshelseteneste.


Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Margrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, +47 95 70 95 13

Arbeidsstad

Rådhuset

5685 UGGDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tysnes kommune



Referansenr.: 4834522366

Stillingsprosent: 65%

Fast

Søknadsfrist: 05.08.2024


Sted
Rådhuset, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
360709331
Sist endret
11. juli 2024 06:05