100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver
f.t. ved Svelgen Oppvekst, avdeling barnehage, Bremanger kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Svelgen oppvekst avdeling barnehage er det ledig ei 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.09.24.

Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med 2 barnehagar og ein barne- og ungdomsskule, og er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen. Svelgen barnehage har 3 avdelingar med born i alderen 2 – 6 år. Både barnehagane og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagane i kommunen har eit tett samarbeid med felles kommunale tiltaksmodellar innan PALS og Resultatleiing. Som satsingsområde vil vi halde fram med kompetanseutviklingsprosjektet, «Inkluderande barnehage- og skulemiljø.» Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
  • Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan barne og ungdomsarbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode norsk-kunnskapar
  • Andre kan òg søke

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
  • Du trivast med å vere ute i all slags ver heile året, og bruke uterommet i det pedagogiske arbeidet

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje.
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse.
    SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid.
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgivar.
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf lokal avtale.
  • Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
  • Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet.
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse.
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen.
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg.

Kontaktinformasjon

Ingrid Leite Loftheim, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321

Arbeidsstad

Gunnar Scheldrups veg 31

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune



Referansenr.: 4837599033

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Gunnar Scheldrups veg 31, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
360783458
Sist endret
11. juli 2024 06:11