Pleiemedarbeider Kulatoppen Omsorgssenter

Arbeidsgiver
Kinn kommune
Stillingstittel
Pleiemedarbeidar Kulatoppen Omsorgssenter
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kulatoppen omsorgssenter har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgns-bemanna omsorgsbustadar fordelt på 11 avdelingar. Bygging av ny fløy og renovering gjer at Kulatoppen no framstår som eit moderne, framtidsretta og funksjonelt bygg. Vi har eiga korttids-, og rehabiliteringsavdeling med eige rehabiliteringskjøkken og takheiser på dei fleste pasientrom. Det er innført fleire velferdsteknologiske løysingar for å auke pasientsikkerheten og kvaliteten i arbeidet. Vi har blant anna Imatis samhandlingstavle, digitale arbeidslister, digitalt tilsyn og pasientvarsling med 2-veis tale. Kulatoppen har eit flott uteområde med gangveg rundt heile bygget og ei fantastisk utsikt over Måløy og omegn. Vi har til dømes sansehage, drivhus, grillplass, bocca-bane, trim-/leikeapparat, bær- og frukttre m.m. På Kulatoppen har vi og varierte aktivitetstilbud for bebuarane. Vi har fokus på "Kva er viktig for deg" og personsentrert omsorg for å kunne leggje til rette for at kvar enkelt bebuar skal oppleve meiningsfulle og helsefremjande dagar. Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit stort og variert fagmiljø der din kompetanse blir verdsatt og lytta til. Du vil få moglegheit til å utvikle din eigen kompetanse gjennom etisk refleksjon, kurs og opplæring og aktivt bidra til å forbetre den helsefaglege kvaliteten på omsorgsarbeidet vårt.

Arbeidsoppgåver

Yte god omsorg, stell og pleie for pasientene våre.
Være ein god kollega og samarbeide med pasient og pårørande.

Vi søkjer etter pleiemedarbeidar som ynskjer å ta helsefagutdanning til å jobbe på Kulatoppen heimeteneste og institusjon. Kulatoppen er både ein institusjon og bemanna omsorgsbustadar.

Vi søkjer og etter pleiemedarbeidarar som ynskjer å kombinere skule med helgestilling og tilkallingsvakter.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som liker å jobbe med mennesker, og som gjerne har litt erfaring og med stell og pleie
Du kan få fast helgestilling i tillegg til ekstravakter og vikariat. Dersom du binder deg til utdanning, kan du få høgare fast stilling.

Har gyldig arbeids- og oppholdstillatelse

Beherskar dei vanlegaste IKT-verktøy (word/excel/internett/e-post) samt har god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy

Personlege eigenskapar

Har positive haldningar og set brukaren i fokus
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
Kan jobbe i 2-delt eller 3-delt turnusordning
Evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap og nytte dette aktivt i arbeidet
Har evne til refleksjon og empati

Vi tilbyr

Du vil få ein mentor i prøvetida og god opplæring
Arbeidet vil gje deg utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
Dyktige medarbeidarar
God pensjonsordning og løn etter kommunal tariff
Ryddige arbeidsforhold

Etisk refleksjon

Kompetanselønn

Tenesta har avtale om 12,5t. langvakter. Dette er frivillig, men om ein ynskjer det må ein binde seg til heil årsplanperiode.

Kontaktinformasjon

Tone Husevåg, Tenesteleiar Kulatoppen, +47 99473470, tone.husevag@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Ytre Kulen 73

6718 Deknepollen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4837572433

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Ytre Kulen 73, 6718 Deknepollen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
360788456
Sist endret
11. juli 2024 08:58