Sjukepleiar, Kulatoppen Omsorgssenter

Arbeidsgiver
Kinn kommune
Stillingstittel
Sjukepleiarstilling Kulatoppen Omsorgssenter og bemanna omsorgsbustad
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kulatoppen omsorgssenter har 51 institusjonsplassar og 40 heildøgns-bemanna omsorgsbustadar fordelt på 11 avdelingar. Bygging av ny fløy og renovering gjer at Kulatoppen no framstår som eit moderne, framtidsretta og funksjonelt bygg. Vi har eiga korttids-, og rehabiliteringsavdeling med eige rehabiliteringskjøkken og takheiser på dei fleste pasientrom. Det er innført fleire velferdsteknologiske løysingar for å auke pasientsikkerheten og kvaliteten i arbeidet. Vi har blant anna Imatis samhandlingstavle, digitale arbeidslister, digitalt tilsyn og pasientvarsling med 2-veis tale. Kulatoppen har eit flott uteområde med gangveg rundt heile bygget og ei fantastisk utsikt over Måløy og omegn. Vi har til dømes sansehage, drivhus, grillplass, bocca-bane, trim-/leikeapparat, bær- og frukttre m.m. På Kulatoppen har vi og varierte aktivitetstilbud for bebuarane. Vi har fokus på "Kva er viktig for deg" og personsentrert omsorg for å kunne leggje til rette for at kvar enkelt bebuar skal oppleve meiningsfulle og helsefremjande dagar. Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit stort og variert fagmiljø der din kompetanse blir verdsatt og lytta til. Du vil få moglegheit til å utvikle din eigen kompetanse gjennom etisk refleksjon, kurs og opplæring og aktivt bidra til å forbetre den helsefaglege kvaliteten på omsorgsarbeidet vårt.



Arbeidsoppgåver

Faglege prosedyrer
Bruk av kliniske verktøy
Observasjon, kartlegging og dokumentasjon
Helsehjelp og dagleg oppfølging av pasientar
Samarbeid med pårørande
Vurdering og igangsetting av tiltak
Vurdere hjelpebehov og veien vidare saman med pasient og pårørande
Tverrfaglig samarbeid med ergo/fysio, musikkterapeut og hjemmebaserte tjenester og andre aktørar i kommunen
Veilede studentar og kollegaer, samt bidra til internundervisning
Palliativ pleie og omsorg

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Sjukepleiarstudentar som avslutter utdanning haust 2024 og vår 2025 kan også søkje

Har gyldig arbeids- og oppholdstillatelse.
Har dokumentert norskkompetanse tilsvarande bestått norsk språkprøve nivå 3 /B2 skriftleg og muntleg eller tilsvarande
Beherskar dei vanlegaste IKT-verktøy (word/excel/internett/e-post) samt har god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy
Har Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som:
Har positive haldningar og set brukaren i fokus
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
Er fleksibel, strukturert, løysingsorientert og arbeider sjølvstendig
Evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap og nytte dette aktivt i arbeidet
Har evne til refleksjon og empati
Arbeider tverrfagleg i team og på systemnivå

Vi tilbyr

God opplæring
Utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
Dyktige medarbeidarar
God pensjonsordning og løn etter kommunal tariff
Ryddige arbeidsforhold

Etisk refleksjon

Kompetanselønn

Sjukepleiar i turnus får ekstra tillegg på kr. 30.000,- pr. år

Tenesta har avtale om 12,5t. langvakter. Dette er frivillig, men om ein ynskjer det må ein binde seg til heil årsplanperiode.

Kontaktinformasjon

Tone Husevåg, Tenesteleiar Kulatoppen, +47 99473470, tone.husevag@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Ytre Kulen 73

6718 Deknepollen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4837520676

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Ytre Kulen 73, 6718 Deknepollen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
360788922
Sist endret
11. juli 2024 08:56