Lege i spesialisering-LIS2-kirurgi

Arbeidsgiver
Kirurgiske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering kirurgi
Frist
23.08.2024

Beskrivelse

Volda sjukehus er eit veldreve lokalsjukehus med full akutt- og traumefunksjon. Kirurgisk avdeling har spesialistar innan generell- og gastrokirurgi samt urologi. Som LIS2 går du i eit felles 6-delt vaktsjikt med LIS2 i ortopedi, med ansvar for både generellkirurgiske og ortopediske pasientar. Dette gir deg ei variert kirurgisk grunnopplæring og eit godt fundament for vidare spesialisering

Vi har ledig 2 vikariat i perioden 01.09.2024-31.08.2025

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan tilby av fjord og fjell. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY- og her: https://youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.



Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk og operasjon

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend LIS1
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Personelege eigenskapar vert vektlagde
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert og engasjert
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt miljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar, 70058200

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1

6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4838044684

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 23.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
360798214
Sist endret
01. aug. 2024 12:24