Allsidig jobb for deg som trives med det!

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Vindafjordtunet
Stillingstittel
Merkantil & Organisator
Frist
05.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker:

Merkantil 100% fast. Stillinga er kombinert med både merkantil oppgåver og husøkonom/organisator oppgåver. Den vil og innebera nokre dagar ved Ølen omsorgssenter- med hovudbase ved Vindafjordtunet.

Ledig frå snarast.

Sjå meir informasjon under for ein spanande stilling!

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Innleige
  • Avviksføring
  • Lønnskjøring
  • Innkjøp
  • Praktiske oppgåver; orden på lager, bestillingar, tøytraller, mattraller, bistand i avdelingskjøkken med meir.

Kvalifikasjonar:

  • Gode munnlege og skriftlege norsk kunnskaper.
  • Fagbrev innan eller anna relevant utdanning på vidaregåande nivå eventuell relevant erfaring.

Personlege eigenskapar:

  • Allsidig!
  • Lærevillig
  • Løysingsorientert
  • Sjølvgåande
  • Samarbeidsvillig
  • Fleksibel

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Vindafjordtunet er ein sjukeheimsinstitusjon med 14 somatisk langtidsplasser og 32 plasser for personar med demens fordelt på ulike avdelingar. Ølen omsorgssenter består av Somatisk langtid med 14 plasser og Korttid/rehabilitering med 13 plasser. Begge institusjonane har og natt teneste inne og ute i heimeteneste.

Me er i ein omstillingsprosess ifh til oppgåvedeling og kven gjer kva når. Dette er direkte knytta til Tørn prosjektet me har arbeida med og som me vil arbeida vidare med. Tørn kan du lese meir om her; https://www.ks.no/fagomrader/arbeidsgiverpolitikk/kompetanse-og-rekruttering/torn/

I den forbindelse ønskjer me no når me har ein ledig merkantil stillinga- å dele den med både merkantiloppgåver og praktiske oppgåver. Nokre oppgåver vil du dele med den andre merkantile som og er tilknytt institusjon. Dette er ei stilling som er heilt ny og du bør like å vera med å forme stillinga og vera open på at dette er lika nytt for oss som for deg. Her blir vegen til medan me går saman! :)

Me ser for oss bestillingsoppgåver, kjøring/henting av mattraller/klestraller, hjelpe til i avdelingskjøkken ved behov. I tillegg er det ordinære merkantil oppgåver som lønnskjøring, avviksføring i lønnsprogram, innleige, turnusarbeid osv.

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Kårhusvegen 5, 5578 Nedre Vats
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap, Annet
FINN-kode
360801164
Sist endret
11. juli 2024 01:16