Lærarar (vikariat) 

Arbeidsgiver
Oppvekst og kultur, Sande kommune
Stillingstittel
Lærarar (vikariat)
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Sande kommune søker lærarar frå og med 01.08.2024. Kommunen har tre skular, lokaliserte i Gursken, Larsnes og Kvamsøya. P.t er det ledig vikariat både ved Larsnes skule og Gursken oppvekstsenter, med moglegheiter for fast. Stillingane er inntil 100 % og ledig allereie frå hausten.

Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Vi har fokus på god overgang mellom barnehage og skule, og eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. Dette gjer vi mellom anna gjennom PALS, BTS og kjerneverdiane våre; respekt, ansvar og omsorg. Sande kommune har nettverkssamarbeid i lesing ilag med dei andre kommunane.



Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undervisning på barnetrinn og/eller ungdomstrinn
  • Kontaktlæraroppgåver
  • Tett dialog og skule-heim samarbeid
  • Ta del i å utvikle eit trygt og godt læringsmiljø
  • Delta i utviklingsarbeid ved skulen og i kommunen

Kvalifikasjonar

  • Du har godkjent lærarutdanning ved høgskule eller universitet, med 60 studiepoeng i pedagogikk og minst 180 studiepoeng i relevante undervisningsfag.
  • Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid er ønskeleg
  • Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. I sandeskulen nyttar vi nynorsk som målform. Kommunen nyttar nynorsk til all skriftleg kommunikasjon.
  • God IKT-kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Du har eit positivt elevsyn og evne til å bygge gode relasjonar
  • Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
  • Du samarbeider godt både med kollegaer og føresette
  • Du er påliteleg, ansvarsbevisst og fleksibel
  • Du er ein god rollemodell

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Vi ynskjer ein medarbedar som vil bidra til å skape eit godt klima, både for elevane og for kollegaer.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing og løn i samsvar med lov-og avtaleverk
  • Gode pensjonsordningar
  • Jobb i eit positivt og inkluderande miljø
  • Ein variert og spennande arbeidskvardag
  • Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og utvikling

Kontaktinformasjon

Marianne Solbjørg Ose, Einingsleiar, 99239125

Oddhild Våge Gjengedal, Einingsleiar, 47901133

Odd Gunnar Myhre, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 90195701

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune



Referansenr.: 4838052313

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
6084 Larsnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
360822661
Sist endret
11. juli 2024 02:28