100% fast stilling som miljørettleiar

Arbeidsgiver
f.t. i Aktiv Jobb, Bremanger kommune
Stillingstittel
Miljøretteleiar
Frist
25.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 100 % stilling frå oktober 2024. Den som vert tilsett kan få to oppmøteplassar då vi har to avdelingar.

Den eine avdelinga er i Svelgen, den andre på Aktivitetstunet på Hauge. På avdelinga i Svelgen har vi bakeri, kafé og snikkarverkstad. På Aktivitetstunet på Hauge har vi garnskjering og trykk på koppar og t-skjorter.

På begge avdelingane driv vi med miljøretta arbeid med tilrettelegging av arbeidsplassar for personar som ikkje kan være i ordinært arbeid.

Vi søkjer ein tilsett som vert ein viktig del av teamet som jobbar for å skape eit inkluderande, støttande og positivt arbeidsmiljø.

Om du ønskjer å vere tilkallingsvikar i Aktiv jobb, ber vi deg om å ta kontakt med oss.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing og oppfølgjing av medarbeidarar med ulike tilretteleggingsbehov
  • Tilrettelegge arbeidsoppgåver og sikre gode arbeidsrutiner
  • Utarbeide og følgje opp individuelle utviklingsplanar
  • Samarbeide tett med andre tilsette og eksterne samarbeidspartar
  • Samhandling internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan helse - og sosialfag er ein fordel men ikkje eit krav
  • Erfaring med rettleiing og oppfølgjing av personar med behov for tilrettelegging
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Positiv innstilling og eit sterkt engasjement for inkludering og mangfald
  • Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskap
  • Du er kreativ, fleksibel og tek imot rettleiing
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato

Vi legg stor vekt på personleg eignaheit.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje.
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse.
    SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid.
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgivar.
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf lokal avtale.
  • Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
  • Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet.
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse.
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen.
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg.

Kontaktinformasjon

Oddgeir Sande, Fagleiar, +47 95982930

Arbeidsstad

Gunnar Scheldrups veg 11
6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4837524854
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Gunnar Scheldrups veg 11, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
360826381
Sist endret
11. juli 2024 02:48