Prosjektleiar - bulyst gjennom attraktive bustader

Arbeidsgiver
Administrasjon
Stillingstittel
Prosjektleiar - bulyst gjennom attraktive bustader
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Vil du vere med å utvikle bustadmarknaden i Fjord kommune 2024 – 2025?

Vi søker prosjektleiar
Fjord kommune skal i gang med eit utviklingsprosjekt for å auke aktiviteten i bustadmarknaden, og for å oppretthalde folketal og bulyst. Hovudinstrumentet vil vere eit offentleg - privat utviklingsprosjekt med fokus på å avklare ulike behov for bustad, samt etablere eit «kundefokus» der ein eller fleire private aktørar samordnar behovet i kommunen inn i mot utbyggjarar.

Det skal vere ei heilskapleg og omfattande satsing på etablering og tilpassing av bustader, og utforsking av ulike sentrumsnære bukonsept.

Prosjektet skal utviklast i ein partnarskap mellom kommunen, næringslivet og innbyggjarane. Prosjektleiar vil rapportere direkte til kommunedirektør.

Kort om stillinga
100 % stilling som prosjektleiar i perioden september 2024 – desember 2025. Det kan vere aktuelt med forlenging.
Stillinga er ledig for snarleg tiltreding og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiar for prosjektet, og skal sikre idear og framdrift
  • Utvikle prosjektinnhald, knoppskyting i delprosjekt
  • Utvikle finansieringsmodell
  • Innhente ekstern medfinansiering ved behov.
  • Koordinere aktivitet i prosjektet
  • Sekretær for styringsgruppe og arbeidsgrupper

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå innan fagområde som til dømes prosjektleiing, næringsutvikling eller lokalsamfunnsutvikling.
  • Erfaring frå samarbeid mellom kommune, næringsliv og innbyggjarar
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Erfaring med digitale arbeidsverktøy
  • Kunnskap om kommunal forvaltning er ynskjeleg
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein initiativrik og innovativ nettverksbyggar som får jobben gjort.
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, er systematisk og arbeidsam.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande jobb med fokus på utvikling og samarbeid
  • Lønn etter avtale og mulegheiter for fleksibel arbeidstid.
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Kommunen er behjelpeleg med å finne husvære og arbeid til partner om det er aktuelt

Kontaktinformasjon

Bjørn Inge Ruset, kommunedirektør, +47 92641926

Arbeidsstad

Olavsgata 10

6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Administrasjon



Referansenr.: 4838054597

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 31.12.2025

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Olavsgata 10, 6210 Valldal
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse, Ledelse, Rådgivning
FINN-kode
360904144
Sist endret
12. juli 2024 05:37